knut haugen 2000

– Vi må kutte 15 millionar i året

Kommunedirektør Knut Haugen kom med eit klart bodskap til folkevalte, kommuneadministrasjon og hovudtillitsvalte under første dag av budsjettkonferansen i Surnadal tysdag.

Etter positivt netto driftsresultat i 2015, 2016 og 2017, vart 2018 som kjend eit tyngre rekneskapsår for Surnadal kommune.

Ideelt sett skal ein kommune, ifølge definerte økonomiske handlingsreglar, ha eit positivt netto driftsresultat på 1,75 prosent av driftsinntektene. Surnadal sitt resultat i 2018 var på -2,3 prosent.

Kommunedirektør Haugen samanlikna Surnadal sine netto driftsutgifter med samanliknbare kommunar, som Sunndal, Rauma, Oppdal og Averøy. Det viste at Sunndal brukar klart meir per innbyggar enn Surnadal, medan dei andre tre brukte mindre.

Haugen viste og samanlikning med tala frå Kostragruppe 11. Det er snittet frå alle kommunar som er om lag like store som Surnadal.

Tala viser at Surnadal brukar 66 461 kroner per innbyggar, medan snittet i Kostragruppe 11 er på 60 484. Denne differansen utgjer 35 millionar kroner i året, fortel Haugen.

– Eg har sagt på fleire budsjettkonferansar no, at vi brukar 15 millionar kroner for mykje per år. Samanlikna med snittet til Kostragruppe 11, skulle vi helst kutta 35 millionar, men det er ikkje automatikk i at Surnadal kommune ønskjer seg ned til snittet – med dei kutta det nødvendigvis måtte medført, seier Haugen, og legg til:

– Men 15 millionar, det må vi kutte. Det er den «artige» utfordringa vi står overfor i budsjettprosessen denne hausten.
 

Reduserte rammeoverføringar i 2020

Så lenge resultatet er negativt går naturleg nok og driftsfondet ned, fortel Haugen.

– Det gjer at vi ikkje kan halde på slik på sikt, seier kommunedirektøren, som kan glede seg over at Surnadal har ganske låg gjeld.

– Og slik kan det vere greitt at vi held det, før vi no skal gjere tunge investeringar innan skule og helse, seier Haugen.

Økonomisjef Trond Håskjold fortalte om kva rammeoverføringar Surnadal kommune kan vente seg framover.

– Sjølv om vi får inn øyremerka tilskot, får vi ein nedgang i rammeoverføringa neste år, slår han fast.

I 2016 vart reglane for tildeling av rammeoverføringar endra, og av det som gjorde utslag for Surnadal, var at interne avstandar i kommunen vart mindre vektlagt.

– Dette førte til om lag 10 millionar kroner i året mindre i rammeoverføringar for vår del, og då fekk vi midlar frå inntektsgarantiordninga (INGAR) for å kompensere for dette, seier Håskjold, og fortsett:

– Tilskotet frå INGAR har gått gradvis nedover, sidan det vert forventa at vi tilpassar oss dei nye reglane, og i 2020 er tilskotet derifrå på berre litt over ein halv million kroner. Denne reduksjonen, samt at folketalet vårt har gått ned, gjer at vi får ein nedgang i rammeoverføringane i 2020.

trond håskjold 690.jpg
Økonomisjef Trond Håskjold informerte om at rammeoverføringane til Surnadal kommune vil bli reduserte i 2020.
 

Sjukefråvêret har gått opp - men er godt under snittet

På første dag av budsjettkonferansen var både dei hovudtillitsvalte, einingsleiarane og kommuneadministrasjonen til stades. I tillegg var det sittande kommunestyret og dei nye representantane, som skal sitte i kommunestyret frå og med konstitueringa i oktober, på plass.

Dei nye representantane er Jorid Johansen Aarvåg (Ap), Ingrid Bergheim Andersen (Ap), Laila Buskenes Aune (Ap), Annett Ranes (Ap), Kari Evensen (Sp), Janne Husby Haugen (Sp), Lars Inge Kvande (Sp), Gunnhild Vetleseter Bøe (Sp), påtroppande varaordførar Hugo Pedersen (Sp), Ole Joar Bruset (H) og Ole Stensby (SV).

Kommunedirektør Haugen informerte forsamlinga om at Surnadal kommune per i dag har 661 tilsette og 548 årsverk.

– Når det gjeld storleik på stillingar ligg vi på 82,9 prosent i snitt på stillingane i kommunen. Det gjeld å få vekk ufrivillig deltid, men 82,9 prosent i snitt er bra.

Sjukefråvêret har gått opp sidan 2017, men er framleis godt under snittet i norske kommunar.

– Så langt i år har vi eit sjukefråvêr på 8,97 prosent, som er om lag ein prosent høgare enn for to år sidan. Sjølv om nokon kanskje tykkjer dette er høgt, er det betydeleg mindre enn det kommunale snittet, seier Haugen, som fortalte at dei tilsette i Surnadal i snitt er 45,8 år gamle, og at dei i gjennomsnitt har jobba 17,7 år i kommunen.
 

Prognoser spår vekst i folketalet 

I første halvår av 2019 vart det fødd 14 nye surnadalingar, medan 14 døydde. Fleire innflytta enn utflytta gjer at folketalet, som no er på 5 925, gjekk opp med seks personar.

– Statistisk sentralbyrå meiner at Surnadal skal ha ein svak vekst framover mot 2028, så vi skal bli eit par hundre til. Målet er å passere 6 000 innbyggarar igjen, seier Haugen.

Han fortalte at statistikk viser at Surnadal er best på Nordmøre når det gjeld svar på henvendingar til kommunen.

Haugen trakk fram gode, offentlege tenester, lokalt næringsliv i godt driv og Surnadal som kulturkommune med gode tradisjonar, som nokre av Surnadal kommune sine sterke sider. I tillegg peika han på at Surnadal er eit utviklingsorientert og aktivt lokalsamfunn, og ein god plass å vekse opp i.

Når det gjeld svake sider, vart det høge økonomiske driftsnivået og nedgangen i folketalet dei siste åra trukke fram.

– I tillegg har vi kanskje ein litt uklar merkevare? Vi er ganske gode på alt, men manglar «stjerna» i merkevaren vår, seier Haugen.

Han nemner låge fødselstal og relativt sett fleire eldre, samt sentraliseringsutfordringar, som truslar mot Surnadal.

– Vi er og for langt unna byane til at dei positive ringverknadane når oss, men samtidig ligg det mange positive mulegheiter for Surnadal framover, seier Haugen.

Han trekkjer fram Surnadal som samferdselsmessig knutepunkt mellom Nordmøre og Trøndelag, spesielt med tanke på Todalsfjordprosjektet.

– I tillegg ligg det mange mulegheiter innan reiseliv, næringsliv og ei «grønn bølge», medan eldrebølga som ofte vert nemnd som negativ kanskje kan vere ein skjult ressurs? Vi har og positive prognoser for folketalsutvikling, så det er fullt av mulegheiter.

budsjettkonferanse oversiktsbilde_690x382.jpg
Folkevalte, administrasjon, einingsleiarar og hovudtillitsvalte var tysdag samla i Svorkasalen for første dag av årets budsjettkonferanse.