MDG ingr

– Vi må stå saman mot dei globale miljøutfordringane

5. juni er verdas miljødag, og i Surnadal markerte Miljøpartiet De Grønne (MDG) dagen med å gje Surnadal kommune ei symbolsk gåve, i form av eit epletre.

Ingressfoto: Lisa Forslund (f.v.), Trygve Roaldset, Simone Akrim, Eli Vullum Kvande, Erik Moen, Ingrid Øyen Sponås, Bjørn Stortiset og Gunhild Eidsli under overrekkinga av epletre-gåva frå MDG Surnadal til Surnadal kommune.

– Epletreet er ei symbolsk gåve i kampen mot at artar forsvinn i eit rasande tempo, og at planting av innsektsvenlege tre og plantar, utan bruk av sprøytemiddel, er ein del av løysinga.

Det seier Eli Vullum Kvande, som toppar MDG-lista til kommunevalet i haust.

Onsdag kveld var ho og resten av MDG-styret på plass ved Sommerrotunet for å både overrekke- og plante gåva til kommunen. Det var kommunen sjølv som valte kvar treet skulle plantast.

– Vi ønska å gje Surnadal kommune ei gåve i samband med verdas miljødag, og i tillegg til den symbolske betydninga av epletreet vil forhåpentlegvis brukarar ved Sommerro kunne nyte godt av frukta i årevis framover. Det som er godt for mennesket er og godt for miljøet, seier Kvande.
 

Positivt bidrag

Assisterande kommunedirektør Gunhild Eidsli var på plass for å ta imot gåva, og Eidsli takka så mykje for både initiativet og gåva.

– Vi er veldig takksame for gåva, det er eit positivt bidrag vi set stor pris på. Å få planta det her på Sommerrotunet passa perfekt, seier Eidsli, og får støtte av buleiar i bu- og aktivitetstenesta, Bjørn Stortiset:

– Dette er rett og slett kjempemessig for oss. Det er snautt med plantar her elles, så det er veldig positivt at det vert planta tre her. Epletreet er ein god start for oss, og vi har planer om å få planta meir på uteområdet her, slik at vi kan bruke det i aktiviteten vår.

– Så de er hjerteleg velkomne tilbake hit neste år, altså, smilar Stortiset og henvender seg til MDG-styret.
 

Utfordrar kommunen

Og at det blir ei markering neste år og, er det ingen tvil om.

– Vi håpar og trur at dette kan vere starten på at vi markerer miljødagen i Surnadal, så vi håpar heilt klart at dette blir ein årleg tradisjon, seier Eli Vullum Kvande, og fortsett:

– MDG vil utfordre Surnadal kommune når det gjeld å markere denne viktige dagen. Det har vorte gjort mange i mange kommuner i heile landet i årevis. Det kan enten vere ved å lage eit arrangement, eller ved å involvere skulane i markeringa.

– Mulegheitene er mange, og det blir spennande å sjå om vi får til eit meir omfattande opplegg neste år.

– Ja, vi får sjå om vi klarar å sette denne dagen på kartet, svarar assisterande kommunedirektør Eidsli.

Verdas miljødag vart etablert i 1972 for å auke folk si bevisstheit kring miljøspørsmål, og dagen har vore markert sidan 1974.

Kvart år markerer FNs miljøprogram dagen i samarbeid med ein storby eller eit land, og vel ut eitt spesielt tema som får ekstra merksemd. I år var temaet luftforureining, og Kina vertskap for hovudmarkeringa.

MDG 2.jpg
Erik Moen, Simone Akrim og Bjørn Stortiset nærmar seg ferdige med plantinga av epletreet.


MDG Surnadal er medlem av Trollheimsporten.