Pressebrief Høivik, Svinvik, Buan og With Wullum

Barnehagane i Surnadal åpnar tysdag 21. april:

– Vi meiner vi har funne ein god måte å starte på

Mindre grupper, reduserte åpningstider og smittevernsopplæring for tilsette er blant tiltaka når alle barnehagane i Surnadal kommune gjenåpnar tysdag.

På ei digital pressebriefing fredag ettermiddag offentleggjorde Surnadal kommune at alle barnehagar i kommunen åpnar igjen over helga, nærare bestemt tysdag 21. april.

– Det gjer at vi får ein ekstra dag til planlegging og gjennomføring av smitteverntiltak på måndag, før vi åpnar for drift. Når vi åpnar tysdag skal dei ulike smitteverntiltaka vere på plass, seier ordførar Margrethe Svinvik.

Reint konkret er følgjande bestemt:

  • Det blir gjeve tilbod til alle ungane i kommunen som har barnehageplass.
  • Åpningstid den første veka vert klokka 8.00-14.30.
  • Det skal bemannast opp rundt mindre grupper. Samtidig skal det framleis gjevast dagtilbod til ungar som har foreldre i samfunnskritiske funksjonar, i skule og SFO.
  • Alle tilsette i barnehagane skal gjennomføre ei eiga smittevernopplæring før dei får jobbe i barnehagen.
  • Kommunen sender ut felles info om barnehageoppstarten til alle foreldre fredag

Når det gjeld SFO og 1.-4. trinn, ventar kommunen på ein nasjonal smittevernrettleiar, som skal komme førstkommande måndag. Innhaldet i den vil avgjere kva smitteverntiltak som vert gjeldande ved gjenåpning av SFO og 1.-4. trinn måndag 27. april.

Ordførar Svinvik seier at kommunen er godt fornøgd med smittevernrettleiaren for barnehagar, som kom onsdag.

– Den gjev gode og trygge rammer for denne gjenåpninga, som er ei stor endring frå situasjonen vi har vore i. Mange er spente, men vi meiner at vi har funne ein god måte å starte på.

På pressetreffet informerte Svinvik om at det ikkje er bekrefta nye smittetilfelle i kommunen, og talet er dermed framleis 2.

– Likevel er det viktig at vi framleis følgjer dei gjeldande smitteverntiltaka, med grupper på maks fem personar, god personleg hygiene, å halde seg mest muleg heime og å halde avstand til folk både på butikkar og arbeidsplassarnande, seier Svinvik, og fortsett:

– Dette gjeld både barn og vaksne. Vi må ta ansvar og følgje retningslinjene, og klarar vi det er vi optimistiske til at vi skal klare denne overgangen på ein god måte.

Svinvik trur at gjenåpningane som no kjem, både med barnehagar, skular og enkelte næringar, vil gjere at samfunnet nærmar seg normalen litt. får att noko av normalen.

– Det trur eg vil gjere veldig godt for mange, seier ho.

Ordføraren meiner at einingsleiarar og lokale medier fortener ros for å bidra til å skape tryggleik.

– Vi har dyktige folk i Surnadal kommune, som leier sine områder, mellom anna innan oppvekst og helse. Det har og vore god dekning frå media, med ein sakleg og opplyst debatt. Det er med på å skape tryggleik, seier ho, og understrekar:

– Det skal vere trygt å gå i barnehagen eller på skulen, og det vert det no formidla frå dei som lagar smittevernrettleiaren at det er. Nokon 100 prosent garanti kan ein aldri gje på noko område i livet, men vi meiner bestemt at dette no skal vere trygt.
 

Kan få utfordringar ved sjukdom

Trollheimsporten stilte kommuneadministrasjonen følgjande tre spørsmål på førehand av pressebriefinga:

1. Kva er dei største utfordringane for barnehagar og skular i kommunen for å møte smitteverntiltaka?

2. Har de fått mange tilbakemeldingar frå bekymra foreldre eller tilsette i samband med reopning av skulane og barnehagane?

3. Vil graden av reopning bli den same i heile kommunen, eller vil det variere frå barnehage til barnehage og skule til skule?

Oppvekstsjef Astrid Mogstad Høivik svara på det første spørsmålet at dei største utfordringane er knytt til bemanning, med tanke på sjukdom i personale. I tillegg kan det verte ei utfordring å klare å oppretthalde alle krava i rettleiaren, og Høivik presiserar:

– I smittevernrettleiaren er det teke utgangspunkt i at ein har normalbemanning, og at fordeling av grupper skjer etter det. Dersom vi skulle få sjukdom i bemanninga i barnehagane våre, kan den fordelinga verte ei utfordring.

Den nye COVID-19-forskrifta er oppdatert med tanke på kva kommunane kan gjere, dersom ein ser at det vert utfordrande å halde barnehagane åpen på ein forsvarleg måte. Høivik understrekar difor at kommunen løpande vurderer om det å halde barnehagane åpne med dei ferske vedtaka fungerer etter hensikta.

Til vanleg har dei tilsette i barnehagane forskyvingar i arbeidstid og vakter, men ifølgje den nye smittevernrettleiaren skal kvar vaksen ha mindre grupper og ansvar for dei same ungane. Det gjer at det ikkje let seg gjere å ha like lange dagar som i ein normalsituasjon.

– Full åpningstid greier vi dessverre ikkje, slik det er no. Det har vi ikkje nok folk til, seier Høivik.
 

78 prosent startar neste veke

På det andre spørsmålet, som gjekk på tilbakemeldingar frå foreldre, fortel kommunalsjefen for oppvekst at undersøkingane barnehagane har gjort med ungane sine føresette i stor grad har gjeve positive svar.

– Alle barnehagane har vore i kontakt med alle dei føresette, og 78 prosent av barna startar i barnehagen neste veke. I somme barnehagar er talet på 100 prosent, medan det i andre er lågare. Det viser at foreldra jamt over opplever å vere relativt trygge, seier ho, og legg til:

– Det kan vere andre grunnar, som til dømes svangerskapspermisjon eller at ein av foreldrene har mulegheit til å vere heime med barnehageungen, som gjer at ikkje alle startar neste veke.

Høivik fortel at samarbeidet mellom kommuneadministrasjonen, verneombod og hovudtillitsvalte har vore godt.

– Vi har hatt god dialog, og dei har vore støttande heile vegen. I tillegg har barnehagane hatt kontakt med FAU-leiarane, slik at foreldregruppene og er godt informerte, seier ho, og får støtte av Jan Terje Moen. Han er hovudtillitsvalt oppvekst og lokallagsleiar for Utdanningsforbundet Surnadal.

– Samarbeidet mellom administrasjon og tillitsvalte er godt. Eg må rose arbeidet som kommuneleiinga har gjort for å førebu seg på dette. Det er mykje nytt og mange ubesvarte spørsmål, men eg har stor tillit til at det er trygt å åpne, seier Moen.

Kommuneoverlege Bjørn Buan ser på åpninga av barnehagane som noko positivt, og ser det som ein fordel at ikkje alle barnehagebarna er i barnehagen frå starten av.

– Ut i frå eit smittevernssynspunkt er det gunstig at det kjem litt færre ungar til å starte med. Det gjer at ein har betre kapasitet enn når alle er til stades. Så det at 78 prosent startar neste veke er ikkje noko negativt. Så oppslutninga er god, og vi har eit godt grunnlag for oppstart, seier han.

Høivik og Buan fortel at det har vore få meldingar frå bekymra foreldre så langt.

– Det har vore gjort eit godt forarbeid i etaten, og rettleiaren som er laga er gjennomarbeidd. Det er eit godt dokument for leiarar, føresette og tilsette. No handlar dette om tillit, og det trur eg vert bygd gjennom åpen og ærlig kommunikasjon, seier Buan, og fortsett:

– Barn og unge vaksne har lågare risiko enn dei som er eldre og dei som har ein sjukdom som plasserer dei i risikogruppa. Det er eit godt utgangspunkt for å åpne barnehagane. Det er ein heilt anna risiko knytt til det enn til dømes å åpne sjukeheimen.
 

– Så godt førebudde som vi kan vere

Kommuneoverlege Buan fortel at barnehagane må førebu seg på at det kan komme smitte inn i avdelingane deira.

– Dersom det skjer, treng det ikkje vere dramatisk. Ein har planer om korleis det skal handterast, både opp mot ungane, dei tilsette og føresette. Vi er så godt førebudde som ein kan vente før denne gjenåpninga, og det tykkjer eg kommunen og dei som er ansvarlege for tenestene kan vere stolte av, seier han.

Buan peikar på at både barneombod og legeforeninga støttar opp under at det no er trygt å sende barna sine tilbake til barnehagane.

– Mange goder krefter har bidrege til å finne gode tiltak og retningslinjer, slik at gjenåpninga skal vere så trygg som muleg. Så lenge etaten sjølv no klarar å etterleve den rettleiaren som vart presentert på onsdag, og som etaten har gripe tak i med full styrke, har vi eit godt utgangspunkt.

Også geografien spelar på lag med Surnadal, meiner kommuneoverlegen.

– Møre og Romsdal ligg veldig godt an når det gjeld smitte, for det er ikkje mykje smitte her, og vi har hatt null nye smittetilfelle i fylket dei siste dagane.

– Det har stor betydning at vi er innanfor eit geografisk område der trykket et lågt, for det gjer at vi får meir tid til å tilpasse oss når neste bølge kjem. Dette bidreg til eit totalbilete av at det no skal vere trygt med desse gjenåpningane.

Kommunalsjef Høivik seier, som svar på Trollheimsporten sitt tredje spørsmål ovanfor, at Surnadal kommune så langt det let seg gjere vil velje felles løysingar for barnehagane og skulane sine.

– No veit vi ikkje heilt kva råd som kjem i smittevernrettleiaren for SFO og 1.-4. trinn, men så langt har vi valt felles løysingar i heile kommunen - ikkje minst i barnehagane. Der vil vi ha alt så likt som muleg.