anders melling, ole bjørn grytbakk, sindre bakk solem og per egil fiske

– Vi utdannar folk for framtida

I lys av næringslivet sitt stadig aukande fokus på robotisering og automatisering, meiner faglærarane ved Surnadal vidaregåande skole at det å velje elektro og automasjon er ei god investering for framtida.

Ingressfoto: Faglærarar Anders Melling (f.v.) og Ole Bjørn Grytbakk, tredjeårselev Sindre Bakk Solem og Per Egil Fiske, som har ansvaret for den mekaniske delen av utdanninga på VG3 Automasjon.

Godt samarbeid med næringsliv og mulegheita for å ta fagprøve på skulen undervegs i læretida, er blant argumenta for det.

– Dette er eit så allsidig fag, at ein får prøve seg på eit breitt spekter av fagfelt før ein peilar seg inn på det ein vil gå nærare inn på

Det seier Anders Melling, kontaktlærar 3. året automasjon. Saman med faglærar Ole Bjørn Grytbakk er han klar på at automasjon, som han er redd for at mange ikkje veit kva er, er eit variert og framtidsretta fagfelt.

På linja tilbyr dei og fagprøve etter endt studieløp, og i løpet av 2019/2020 skal 12 tidlegare elevar ta fagbrev hos skulen.

– Vi hadde faktisk to tidlegare elevar som starta på fagprøven sin i dag. Storparten av dei 12 som skal ta fagprøve i løpet av skuleåret gjekk ut frå Surnadal vidaregåande skole i fjor, men ikkje alle, seier Melling.

Dei to som nettopp har starta på fagprøven sin, er Ole Snekvik og Per Emil Alnes. Det skjer under kyndig rettleiing frå Birger Werring frå Fagprøvenemnda, tidlegare mangeårig lærar ved Kristiansund vgs.

– Vi gjer ikkje forskjell på om kandidatane er frå bedrift eller skule, krava for å bestå fagprøven er like for alle, seier han.

Fagprøvane er det lærarane sjølve som lagar, og dei fortel at det etter kvart og er plan om å få inn bruk av industrirobot i prøvane. I fjor gjekk nemleg skulen, i samarbeid med Norsk Hydro ASA, Pipelife Norge AS og Talgø MøreTre AS, til innkjøp av ein robot av typen UR3.

Prislappen på industriroboten var på drøye 250 000 kroner. I tillegg får elevane allereie i løpet av førsteåret på elektro mulegheita til å prøve seg på programmering av ein noko mindre, såkalla Arduino-robot.

birger werring, ole snekvik og per emil alnes.jpg
Birger Werring (f.v.) frå fagprøvenemnda og Ole Snekvik og Per Emil Alnes, som i skrivande stund er i full gang med fagprøve i automasjon ved Surnadal vidaregåande skole.
 

– Kompetanse næringslivet er ute etter

Samtlige av elevane som har gått ut frå 3. året automasjon dei siste åra er i lære, fortel faglærarane.

– Det vi ser er at elevane ønskjer seg to fagbrev, så dei går gjerne i lære i eit anna fag, samtidig som dei tek fagbrev i automasjon her. Mange firma etterspør automasjonskompetanse, og arbeidstakarar med to fagbrev er høgt verdsett.

Melling og Grytbakk er difor glade for at skulen kan gje tidlegare elevar mulegheita til å ta fagbrev.

Dei to ønskjer å formidle for potensielle søkarar kva elektro og automasjon er.

– Det er eit variert studietilbod, der vi driv mykje med styringsteknikk, men og med mekanisk arbeid, som sveising, dreiing og maskinering. I tillegg er vi nok den linja som held på mest med data, i samband med programmering av diverse utstyr, seier Melling, og legg til:

– Gjennom å gå automasjon kan ein gjere alt frå å programmere mikrokontrollerar til å styre gigantiske hydraulikkanlegg.

Linja følgjer næringslivet sitt fokus på robotisering og automatisering, noko faglærarane meiner er utruleg viktig.

– Vi utdannar folk for framtida. Denne fornyinga innan næringslivet ser vi og innan mange velferdsyrke, så elektro og automatisering er verkeleg framme og nikkar når det gjeld å vere gje ungdom positive mulegheiter for vidare arbeid og utdanning, seier Melling.

– Dette er kompetanse det lokale næringslivet er ute etter, og eit studietilbod som gjev mange mulegheiter for elevane, seier rektor Mons Otnes.

Etter fullført VG3 Automasjon kan elevane, i tillegg til automasjon, gå i lære i mellom anna fag som energimontør, energioperatør, elektriker gruppe L og industriell produksjonsteknikk.

– Sånn sett er dette ein god start, sidan det gjer at ein kan velje såpass mykje forskjellig når ein skal gå i lære, seier Grytbakk.

Tidlegare elevar på linja er no, eller har vore-, i læra i bedrifter som AS Elektro, El-Co, Equinor, Nortura, Hydro, Pipelife, Svorka, Statkraft og GK Rød Fjøssystemer.

– Dersom vi blir målt på å få ut lærlingar med rett kompetanse, trur eg vi ligg godt an, seier Melling, medan Grytbakk skyt inn:

– Ja, og vi ser og at vi fleire gonger leverer lærlingar til store, nasjonale bedrifter, der det er sterk konkurranse om plassane.
 

Vert lagt merke til

Det gode opplæringstilbodet ved linja vert og lagt merke til i næringslivet. Nyleg hadde Surnadal vidaregåande skole opplæring på 115-120 timar for tilsette ved Hydro på Sunndalsøra.

– Elektrikarar ved Hydro ønska å ta fagbrev innan automasjon, og sidan vi har levert fem lærlingar dit i løpet av dei tre siste skuleåra, veit dei godt kva vi står for, seier Grytbakk, og legg til:

– Vi sett stor pris på det gode samarbeidet vi har med næringslivet, og samarbeidet med Hydro har vore av stor verdi for oss lærarane og. I tillegg er dei klare på at dei er veldig fornøgde med lærlingane dei får frå oss.

Samarbeidet med Hydro er så godt at Grytbakk vart invitert til aluminiumsbedrifta i samband med at dei fekk konserndirektøren på besøk.

– I Sunndal er det omtrent som om kongen skulle komme på besøk, ler Grytbakk.

– Det er rett og slett eit tydeleg teikn på at vi blir sett pris på, når ein blir invitert i ein slik samanheng, seier rektor Mons Otnes.

Og Hydro er ikkje åleine om å ønske seg folk med kompetanse innan automasjon.

– Pipelife er og alltid ute etter folk som kan automatisering, og denne kompetansen blir viktigare og viktigare i heile samfunnet vårt. Sjå til dømes på gardsbruk, med foring og mjølking, seier Melling, og legg til:

– Ein ser det og innan helsesektoren, at bruk av robotar vert vanlegare og vanlegare.

ole bjørn grytbakk, per ingar aarnes og anders melling.jpg
Faglærarane Ole Bjørn Grytbakk (f.v.), Per Ingar Aarnes og Anders Melling.
 

Mange vil ha to fagbrev

Dei fire faglærarane på elektro er Melling, Grytbakk, Per Ingar Aarnes og Gunnhild Bøklep Bøe. I tillegg har Per Egil Fiske den mekaniske delen av utdanninga i 3. klasse.

– Eg vil påstå at vi har brei kompetanse på feltet, og vi utfyller kvarandre godt, seier Melling og Grytbakk, som fortel om eit fagområde der det kjem nye ting og nytt utstyr heile tida.

– Tendensen er og at det blir meir og meir databruk, men med denne utdanninga står ein ganske fritt til å velje kva ein etter kvart vil jobbe med. Vil ein programmere, kan ein gjere det, og vil ein vere elektriker går det og fint an, seier Melling.

I tillegg til surnadalingar, har linja elevar frå Rindal og Sunndal. Faglærarane anslår at om lag halvparten av elevane blir verande i lokalområdet når dei er i lære ute hos bedriftene.

Inneverande skuleår er det 11 elevar som går førsteåret elektro, der 14 elevar er maksantalet. I år var det ikkje nok elevar til å starte opp klasse i VG2 Automasjon, det vil seie andreåret. Det var det i VG3 Automasjon, og Melling og Grytbakk fortel at tredjeårsklassane vanlegvis er på om lag 10 elevar.

Lærarane håpar at det at fleire og fleire elevar ønskjer å ta to fagbrev i staden for eitt, fører til stor søking på elektro og automasjon i åra framover.

– Veldig mange elevar er bevisste på at dei ønskjer to fagbrev. Når vi no kan lage og gjennomføre fagprøve i automasjon for tidlegare elevar, gjev dette brei kompetanse, seier Anders Melling.

Per Egil Fiske støttar Mellings syn.

– Elevane her får lære seg sveising, dreiing, fresing og overflatebehandling – kort fortalt alt av mekanisk verkstadsarbeid. Uttrykket «potet» har aldri passa betre enn for dei som har gått elektro og automasjon, seier han, og fortsett:

– Eg brukar å seie at dette vert mekanikarar som kan elektro og data, for dei får ein veldig allsidig fagbakgrunn. I framtida kjem desse kompetansefelta til å henge heilt saman, og vi ser allereie no at det kjem meir og meir.

sindre bakk solem og per egil fiske.jpg
Tredjeårselev Sindre Bakk Solem og Per Egil Fiske.

siri sylte heggset og fabiano capello.jpg
Elevane Siri Sylte Heggset og Fabiano Cappello oppmodar folk til å velje elektro.

sindre bakk solem, markus røyset og mons otnes.jpg
Sindre Bakk Solem demonstrerer Arduino-roboten for rektor Mons Otnes, medan Markus Røyset følgjer med.