Anders Larsen og Kleiva-skiltet

Laget Vårsøg arrangerer Kleivakveld med videoinnspeling og 50 tilskodarar:

– Viktig å halde dei kulturelle hjula i gang

Då Vårsøghelga 2020 i si opprinnelege form vart avlyst, kasta Laget Vårsøg seg rundt og starta jobben med å få til ein digital Kleivakveld. – Då vi såg at dette var muleg å få til, var det berre å køyre på, seier dagleg leiar Anders Larsen.

(Ingressfoto: Arkivbilde)

Den pågåande koronapandemien og restriksjonane den fører med seg, gjorde det umuleg å unngå avlysing av Vårsøghelga 2020, slik den opprinneleg var planlagt.

Då avlysinga var eit faktum, tok Laget Vårsøg ganske kjapt opp tråden med Lilli Husby og Henning Sommerro for å sjå på mulegheitene for å få til eit arrangement av noko slag.

– Eg er skrudd saman slik at då avlysinga kom, var det berre å legge den bak seg, sjå framover og tenke nytt, seier dagleg leiar i Laget Vårsøg, Anders Larsen.

Han fortel at både artistar og styret er sveltefora når det gjeld kulturelle arrangement, og er difor veldig glad for at dei får gjennomført Kleivakvelden.

– Kleivakvelden er indrefileten på Vårsøghelga, så det er viktig at vi får arrangert den. Vi spekulerte på om vi skulle ha den i Storstuå, men det er noko med å ha det på Kleiva - og spesielt no som Vårsøghelga er 25 år og «Vårsøg» 75 år.

Larsen er full av lovord om styret i Laget Vårsøg, som han omtalar som «framtidsretta».

– Dei er ein flott og offensiv gjeng, som allereie ser framover mot dei neste 25 åra med Vårsøghelg.
 

– Vil vise at vi bryr oss om artistane våre

No gler Larsen og styret seg til å vise fram det dei har arbeidd med, både til dei 50 tilskodarane som sikrar seg billettar, og dei som får sjå innspelinga av Kleivakvelden i etterkant.

– Vi kjem til å bruke torsdag 14. mai på Kleiva for å lage ein filmproduksjon, der Raymond Grøvdal Hansen frå Nordmøre Folkehøgskule står for filminga og DreamFarm Studios for lyden, seier Larsen.

Han fortel at mesteparten av grovopptaka vil bli gjort på dagtid, før det blir full gjennomkøyring på sjølve Kleivakvelden seinare på dagen.

– Marknaden for strømming av konsertar held kanskje på å bli litt metta, så vi har valt denne varianten der vi får spelt inn heile arrangementet, seier Larsen, og legg til:

– Vi meiner at det har stor verdi å ha ein profesjonelt innspelt Kleivakveld, både for Vårsøghelga, kommunen og publikum. Slik sett slår vi no fleire fluer i ein smekk.

I tillegg til at lokale krefter står for teknisk produksjon og filminnspeling, er også aktørane på scena 14. mai i stor grad lokale. Brage Kristian Einum, Pernille Torvik, Svein Sæter, Jo Inge Nes og Dansekompaniet skal alle i aksjon.

Publikum får sjølvsagt og sjå og høyre Henning Sommerro og John Pål Inderberg, samt at Sommerro si dotter Karianna skal opptre.

– Litt av ideen for heile konserten er å sysselsette lokale kulturaktørar, som no har mista oppdrag og inntektsgrunnlag. Vi vil vise at vi bryr oss om artistane våre, og at Laget Vårsøg og Vårsøghelga er ein viktig støttespelar i motgang og, seier Larsen.


Vil skape gode opplevingar - trass restriksjonar

På grunn av koronasituasjonen tek Laget Vårsøg alle forholdsreglar, og har hatt tett dialog med kommuneoverlege Bjørn Buan og Gunn Bredesen i Surnadal kommune før arrangementet.

– Vi følgjer alle retningslinjer, og har sendt inn ein koronaplan med oversikt over tiltaka vi iverksett. Slik veit vi at vi har tenkt gjennom det vi skal, seier Larsen.

Han fortel at det at arrangementet er utandørs løyser ein del utfordringar, samtidig som han understrekar:

– Vi er opptekne av at sjølv om det er ein del restriksjonar vi må ta omsyn til, skal vi få til ei fin oppleving og god stemning. Det er eg sikker på at dei som står på scena skapar, og det gler vi oss veldig til.
 

Laget Vårsøg sendte fredag ut dette presseskrivet om Kleivakvelden 14. mai:

”I forbindelse med innspeling av Kleivakvelden 14. mai kl 18.00, er vi glade for å kunne opne for å ta i mot 50 publikum. Billettane vert kun solgt på nettsida til Surnadal kulturhus, frå tirsdag 12. mai kl 12.00. Maks 5 billettar pr kjøp.

Pga koronasituasjonen er det nokre retningslinjer publikum og arrangør må ta hensyn til, som til dømes:

Det vert ikkje organisert transport opp til Kleiva. Publikum må gå opp.
Ingen tilgang til toalett på Kleiva
Det vert ikkje solgt kaffe og kaker, men vi oppfordrar publikum til å ta med seg noko godt i sekken.
Publikum må registrere seg med namn og telefonnr ved ankomst på Kleiva, i tilfelle det vert nødvendig med smittesporing i etterkant. All data vert sletta etter to veker.
Arrangøren markerer kor publikum skal sitte under konserten, med 1 meter avstand til kvarandre. Folk frå same husstand kan sjølvsagt sitte tettare.
Ellers så oppfordrer vi alle til å følge Folkehelseinstituttet sine smitteråd.
Sjølv om det er en del krav og forskrifter vi må forhalde oss til, ønsker vi i Vårsøghelga at dette skal bli nok ein magisk Kleivakveld med fantastiske artistar, publikum og ein stolt Kleivaprisvinner. Det er også stor stas at vi kan møtes på Kleiva for å markere jubileet for «Vårsøg», som Hans Hyldbakk skreiv for akkurat 75 år sidan på Kleiva. Konserten vert filma, slik at alle som vil, kan sjå den på nett frå laurdag 23.mai kl 20.

Vi vil rette ein stor takk til Surnadal Kommune, våre samarbeidspartnerar i Vårsøglauget, våre Vårsøgvener og Nordmøre museum, som gjer denne innspelinga og Kleivakvelden muleg.”


Laget Vårsøg er medlem av Trollheimsporten.