– Vil få flest muleg ut på ski
Torsdag arrangerer Surnadal IL Langrenn det første rennet i Svorka-karusellen på Nordmarka i Surnadal. – Slike lågterskeltilbod er viktige for rekrutteringa, seier sportsleg leiar Steinar Aasbø.
Torsdag 24. januar er det klart for det aller første rennet i Svorka-karusellen - ein serie lågterskelskirenn for deltakarar i alle aldrar. Arrangør er langrennsgruppa i Surnadal Idrettslag.
Deltakarane i karusellrenna går ei løype på om lag 500 meter, og etter siste av i alt fem renn får alle som har delteke i minst eitt av dei premie. Det er heilt gratis å melde seg på.
– Her kan alle slenge seg med. Dette er uhøgtidelege renn der vi ønskjer å få flest muleg ut på ski.
Det fortel Steinar Aasbø, sportsleg leiar i Surnadal IL Langrenn.
– Viktig å støtte lokale tiltak
Førre sesong var karusell-konseptet til langrennsgruppa i Surnadal IL underlagt den nasjonale paraplyen Telenor Karusellen. I år er altså Telenor bytta ut med Svorka.
– Det er viktig for Svorka å støtte opp under lokale tiltak, og vi sponsar difor veldig mange organisasjonar og arrangement. Dette er eit godt konsept, som det er artig å støtte, seier marknadssjef i Svorka, Janne Rangnes, som og sitt i styret i langrennsgruppa.
– For oss betyr det mykje å ha Svorka, og andre lokale bedrifter, på laget, seier Aasbø.
Svorka står bak alt av løypemateriell, premiar og startnummer i samband med Svorka-karusellen, som vert arrangert samtidig med Barn i Løypa.
– Dette er gjort heilt bevisst, og vi trur det er taktisk lurt. På denne måten kan ungar som er på Nordmarka for å gå Barn i Løypa og få prøve seg i eit uhøgtideleg renn med startnummer på brystet, seier Aasbø.
– Ja, her får ein kjenne litt på det å gå renn, samtidig som ein får positive, trygge opplevingar, seier Rangnes.
Vil senke terskelen
Etter snøfallet den siste tida er det no ypperlege forhold på Nordmarka. Aasbø og Rangnes håpar difor flest muleg spenner på seg skia torsdag.
– Ein del sit nok med eit inntrykk av at terskelen er høg for å drive med skisport, men vi er ei skigruppe for alle. Det er enkelt å bli med i miljøet, seier Aasbø, og får støtte av Rangnes:
– Med Svorka-karusellen ønskjer vi å senke terskelen for både det å gå skirenn og det å bli med i miljøet på Nordmarka.
Dei to nemner felles åpen kiosk og felles kveldsmat etter trening som nokre av tiltaka langrennsgruppa driv for å sørgje for eit godt miljø i gruppa.
God rekruttering
Rekrutteringa i langrennsgruppa i Surnadal IL er god, med ei stor treningsgruppe for dei yngste, der andelen jenter og er imponerande. Håpet er at det nye karusellsamarbeidet skal skape nye skientusiastar.
– Dersom vi får fleire til å venne seg til å gå på ski skapar vi forhåpentlegvis både fleire aktive løparar og meir turglede, seier Rangnes.
– Lågterskelrenn og mykje snø er to viktige element for god rekruttering. No er begge deler på plass, så vi håpar på stor deltaking på torsdag, seier Aasbø.
Surnadal Idrettslag og Svorka er medlem av Trollheimsporten.