Surnadal kommunevåpen

11 05 2020: Statusoppdatering frå kriseleiinga

- Viser stor lokal omstillingsevne

Kriseleiinga hadde i dag sitt første møte i mai månad.

– Situasjonen vi no befinn oss i er prega av mange omstillingsprosessar og er ikkje mindre krevjande å handtera, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. 

– Det er stor pågang frå bedrifter og arrangørar som ønskjer råd. Som kommuneoverlege er eg takknemleg over at aktørar tek kontakt og utviser ansvarlegheit. Ein evner å komme fram til akseptable løysingar i dei fleste tilfelle.


Smittesituasjonen

FHI opplyser at smittetalet R no ligg på 0,49. Ved ei eventuell oppblomstring av smitte legg myndigheitene opp til at 5% av den norske befolkninga skal testast i løpet av ei veke. Pr. 7. mai har legesenteret i Surnadal kommune gjennomført i alt 286 testar. Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i kommunen. Buan åtvarar mot eit overfokus på testing og testkapasitet. Det er rette handlingar og haldningar som gjer at vi kan halde viruset på avstand og greie å halde hjula i gang. – Vi må ikkje bli slappe no.

Regjeringa har i tråd med smittesituasjonen lagt fram ei plan for gradvis nedjustering av koronatiltak fram mot 15. juni. Samstundes med reopninga av samfunnet vil det bli behov for justeringar av tiltak undervegs. Det er utarbeidd nasjonale smittevernrettleiarar for dei fleste bransjar og sektorar. Oversikt over desse, samt over gjeldande koronareglar for arrangement og samfunnsliv, finn ein på kommunen sine korona-sider. Kommuneoverlegen har i tillegg fatta lokalt vedtak om Smittevernråd og pålegg til campingplassar og gjestehamner i Surnadal med verknad frå 8. mai.


Dei viktigaste råda for avstand, gruppestorleik, karantene og reiser per no

20-1-regel: Gjeld for private samankomstar og i arbeidslivet elles, mot tidlegare 5-2-regel.

20-1-regel eller 5-2-regel: Personar i risikogrupper kan følgje minimumskravet om 1 meter avstand, men det beste, i følgje Helsedirektoratet, er at desse vurderer å halde 2 meter avstand der dette er muleg og begrensar antalet nærkontaktar.

50-1-regel: Gjeld for offentlege arrangement på offentleg stad med ein ansvarleg arrangør

Karantenedagar: Forkorta frå 15 til 10 dagar.

Reiser: Rådet er framleis å unngå å reise unødig, t.d ferie- og fritidsreiser og unødig bruk av kollektivtransport


Reopning 5.-10. trinn i Surnadal kommune

Surnadal kommune følgjer dei nasjonale retningslinene ved opninga av 5.-10. trinn og vaksenopplæringa. Smittevernreglane skal følgjast og difor kan ikkje alle starte opp på same dag eller vere på skulen samstundes. I alle fall ikkje den første veka. Elevar og føresette har fått informasjon om praktiske detaljar og innhald under oppstartveka. Alle skal følgje normal skuleskyss om dei ikkje får beskjed om anna. Dei dagane trinna ikkje er fysisk på skulen skal dei ha fjernundervisning. Barnetrinna har kortdagar første veka.

Oppstartsveka ser slik ut:

Måndag 11.05: Fjernundervisning 5.-10. trinn
Tysdag 12.05: Oppstart alle barneskular 5.-7. trinn og ungdomsskulen 10. trinn
Onsdag 13.05: Oppstart 9. trinn + skule 5.-7. trinn
Torsdag 14.05: Oppstart 8. trinn + skule 5.-7. trinn
Fredag 15.05: Skule 10. trinn + 5.-7. trinn


SFO

Det vil vere redusert opningstid for SFO frå kl. 08.00-14.30 i oppstartsveka. Føresette i ein samfunnskritisk funksjon kan ta kontakt med skulen for eigen avtale. Opningstider i SFO for neste veke vil bli avgjort ved slutten av oppstartsveka. Når det gjeld foreldrebetaling og reduserte opningstider, ventar kommunen framleis på ei avklaring frå fylkesmannen kring dette punktet.


Ein ny normal for elevar og tilsette

Kommunalsjef i oppvekst, Astrid Mogstad Høivik melder om positiv omstillingsvilje hos tilsette for å legge til rette for gode skuledagar under strenge rammer. Det blir mykje handvask, ingen dusjing etter gym, faste inn og ut-rutiner og delte friminutt og alle må ha med eigen matpakke og eiga ferdigfylt drikkeflaske.

For dei få elevane som av ulike orsakar dessverre ikkje kan møte på skulen, vil vi legge til rette for sosial kontakt i dialog med føresette. Dette kan vere avgrensa leikegrupper eller andre tiltak.

– Vi gler oss til å sjå att resten av elevane våre og skal bruke denne tida før sommarferien saman med elevane til å øve oss på eit maraton-løp frå hausten av, seier Mogstad Høivik. Dette kan nok bli den nye normalen for oss alle i lang tid framover.


Ingen dato for reopning av kommunehuset

Kommunedirektør Knut Haugen signaliserte i dag at ein ikkje vil gjere endringer i bruken av heimekontor eller opning av kommunehuset den kommande veka. Dette vil bli vurdert på nytt tidleg i neste veke.