256-info

116 750 kroner til veglys i Rindal

Ut i frå retningslinene og satsane som gjeld for 2010 skal Rindal kommune ha utbetalt kr. 116 751,50 til tilskot til drift og vedlikehald av veglys langs fylikesvegane. Nær 81 000 kroner gjeld gamle fylkesvegar og 35 785 kroner gjeld nye fylkesvegar.

For dei gamle fylkesvegane gjeld dette strekningane Tjørmoen - Rinna bru, Rinna bru - Mørelinjen og Mørelinjen til kryss fylkesveg 342.

For nye fylkesvegar gjeld det lys etter gamle riksveg 65 ved Holte bru, Løfall og ved Sunna (Rindal meieri).

Dette går fram av eit brev frå Statens vegvesen til Rindal kommune.