
13 millionar til snøkanon
Formannskapet drøfta saka tirsdag, og fleirtalet følgjer med sitt ja innstillinga frå rådmannen som meiner det er verdt å bruke så mykje på å investere for framtida, skriv driva.no.
Den dobla kostnaden for kanonane i Surnadal Alpinsenter blir forklart med at eit konsulentfirma har kvalitetsseikra prisen på kanonar inkludert kostnader for framføring av vatn fra Sjøasetervatnet.
Alpinanlegget er tenkt å vere et marknadsføringsobjekt for kommune og næringsliv om vinteren, i tillegg til eit aktivtetssenter for ungar, ungdom og vaksne. Snøkanonane sikrar snø i anlegget også i mildt ver.
Før kommunen kan hente vatn fra Sjøasetervatnet må det avklarast med NVE og grunneigarar. Det må også lagast reguleringsplan.
- Vi har ikkje garanti for å kunne starte kanonane til vinteren. Ennå gjenstår mykje arbeid, seier Ola Ranes, dagleg leiar for alpinanlegget.

.png)

