1400 sildballar på festival
- Dæm bli bærre stær å stær no, sa damene som i helga rulla 1400 sildballar til Sildballfestivalen. Det skriv avisa Sør-Trøndelag i sin papirutgave 28. april. Mellom 150 og 200 sildballar godgjor seg i fosskokande sildballsø om gongen. Bente Svinsås var sildballkokk og styrte grytene med stø hand. Rundt 500 sildballporsjonar gjekk med i løpet av helga - 80 kilo potet, 40 kilo spekesild, 10 kilo lauk, kveitmjøl og byggmjøl til passe ballrøre og 70 kilo flesk vart steikt. - Og potet attåt, sa Bente Svinsås til ST - sjekk større bilde frå kappetinga her:
Frå kappetinga i Rindalshuset laurdag kveld der Per Bakk (til venstre) vart rindalsmeister. Vidare ser vi Per Olav Løset, Lars Helgetun, Edgar Dromnes og Egil Bolme, mens festivalgeneral Oddbjørn Heggem følger spent med bak.

.png)

