Einar_1024x768

150 000 til Stangvik og Surnadal kyrkjelege fellesråd

Einar Grønnes (Sp) la fram ein interpellasjon i kommunestyret i Surnadal i dag (torsdag 25. mars). Den gikk ut på å løyve 150 000 kroner til Stangvik og Surnadal kyrkjelege fellesråd, finansiert ved bruk av kommunestyreposten. Kommunestyret vedtok først å ta interpellasjonen opp til behandling og gjekk deretter inn for å løyve 150 000 kroner - mot 8 stemmer etter ein livleg debatt. 

Einar Grønnes (Sp) (til høgre) la fram denne interpellasjonen i Surnadal kommunestyyre i dag:
"Vi er klar over at vi vedtok eit driftsbudsjett for 2010, som var svært stramt og kevjande for dei fleste etatar. Driftsbudsjettet som kyrkja skulle forholda seg til var ikkje noko unntak. Når vi no ser følgjane for drifta av kyrkja og kyrkjegardane så er dette så alvorleg at her må noko gjerast. Ranes kyrkje er stengt, og det er ikkje pengar til å få slått graset på kyrkjegardane i sommar. Her må det tilførast meir pengar til dei nemnte formål, sa Einar Grønnes og fremma på vegne av Surnadal Sp føgjande forslag til vedtak: Surnadal kommune løyver 150 000 kroner til Stangvik og Surnadal kyrkjelege fellesråd. Løyvinga blir finansiert ved bruk av kommunestyreposten. Budsjettet blir regulert tilsvarande."

Ingerigt G. Moen (Sp) gav honnør til ordførar og kommunestyret til å ta opp denne saka. - Det er lov å finne på noko som er kreativt også utom budsjettbehandling. Vi kan ikkje akseptere at Ranes kyrkje er stengt no når det blir konfirmasjon og utover mai. Vi kan heller ikkje akseptere at det ikkje bir slått på kyrkjegarden. Vi driv med markedsføring av Surnadal. Det er i alle fall dårlig markedsføring at kyrkjene er stengt. Det har noko med verdighet at det skal sjå ut brukbart på kyrkjegardene. Vi kan ikkje arbeide med dette framover våren. Vi må ha dette i orden og eg håpar verkeleg kommunestyret vil vere med på dette, sa han.

Stig Sæter (H) (til venstre Frp og H som var i mot) påpeika at dette var ein heilt håplaus framgangsmåte. - Vi sto og sa at alle etatar måtte spare. Dette er heilt feil signal. Velger fellesrådet å bruke pengane dei har til rådighet slik at Ranes kyrkje blir stengt, ja vel. Det er verre å stenge institusjonar enn å stenge kyrkjer. Det er verken kommunestyret eller Surnadal Sp med sitt benkefoslag her som bestemmer dette. Eg kan ikkje vera med på dette, sa han.

Einar Grønnes (Sp) repliserte eit eksempel frå da han var på begravelse i Øye kyrkje. - Eg skjemtes da kista vart stuka inn i ein bil og kjørt til Ranes, sa han.
- Jordfestelse på ein annan kyrkjegard er ikkje noko uvanleg, svara Sæter.

 - Vi er gitt eit ansvar om å sjå alle saker i samanheng. Å sette institusjonar opp mot kyrkjegarder er ikkje rett. Dette høyrer heime i ei vanleg budsjettreguleringssak og eg kjem til å gå i mot, sa Marit Kringlebotn (Frp). Og Palmer Vikan (KrF) var enig! Han støtta argumentasjonen til Ingebrigt G. Moen. - Men det er heilt feil framgangsmåte. Vi kunne ha bukt same argumentasjon når det gjeld alle som manglar pengar. Da er vi ute og kjøre, sa han og ville gå i mot. Odd Asbjørn Bævre (Ap) var enig med Stig og Palmer. - Dette blir for enkelt for meg. Vi kjem til å få svært mange ekstrabevilgningar om vi vedtek dette. Det er ein uting, sa han. - Ja dette går ikkje an, sa Inger Johanne Iversen (SV).

Anders Nordvik (Ap) ville støtte interpellasjonen. - Det er heilt fotvila at vi ikkje får slått graset på kyrkjegardane, sa han.

- Vi vil oppleve svært mykje misnøye utover om vi ikkje løyver desse pengane. Å klare å stelle og slå kyrkjegardene må vi legge tilrette for. Vi ønsker å ha nystelte kyrkjegarder, sa varaordførar Lars Polden (Sp) (til høgre).

Bernt Venås (Sp) (til høgre) meinte å gå inn for dette var god elsdreomsorg. - Dette har med verdighet å gjere og eg er skeptisk til budsjettsituasjonen som fellesådet har. Situasjonen er alvorleg. Stangvikkyrkja lekker. Skifte av tak har vært på prioriteringslista lenge. Det nyttar ikkje slik situasjonen er. Det er mange område som slit. På vegne av store delar av folket i Surnadal håpar eg dette blir vedteke, sa han.

- I haust var det fleire som mista jobbane sine i kommunen. No diskuterer vi grasslått, repliserte Marit Kringlebotn og tykte det gjekk for vidt. - Når politikarne prøver å få til noko får dei nei, mens vi tidlegare i dag har vedtatt fleire tilleggsløyvingar som administrasjonen har foreslått, sa Else B. Andresen (Sp).

Norvald Bondhus (Ap) oppsummerte det heile i det siste innlegget: - Dette vart ei sak mellom følelse og hjerte på det eine sida og fornuft på den andre. Da blir slike saker vanskelege, sjøl om dette er ein framgangsmåte kommunestyret nærast ikkje kan akseptere. Men av og til kan vi slå ut håret. Det må være ekstraordinære ting. Vi har 500 000 kroner i 2010 på kommunestyreposten i år. 30 000 har vi brukt i dag. No er det framlegg om 150 000 til. Det kan vi bruke i dag, meiner eg. Da vinn hjertet over fornuften. Overfor kyrkja er det ikkje gjort noko slikt sidan 1983, sa han.

Interpellasjonen med 150 000 kroner til Stangvik og Surnadal kyrkjelege fellesråd vart vedteke mot 8 stemmer. 

kommunestyret_1024x768
Surnadal kommunestyre 25. mars.