museum_350x234

160 på museumsdag

Søndag var det stor deltaking på museumsdagen på Åsen. Aktivitetsdagen som Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerte i fellesskap vart ein suksess, med 160 store og små som møtte opp for å ta del i arrangementet. Professor Eir Grytli samla 80-90 tilhørarar til foredraget om trønderlånnas historie, og elles var det utstilling og demonstrasjon av gamle motorar, mopedar og traktorar.

Nokre regnbyger skremte ikkje publikum som hadde tilgang til å sjå heile heile museumsanlegget denne dagen.

For mange var det nok mykje nytt å sjå, både utvandrarutstilling, 60-talsromma og ikkje minst Gulla-romma.

Stor var også interessa for dei gamle motoriserte utstillingane, der dei kunne by på gamle trøskarverkmotorar og mopedar og traktorar.

For dei aller minste var det lagt opp til gamle leikar, noko som også fall i god smak.

Sjå fleire bilete frå museumsdagen på todalen.no.