17mai-øving

17.mai-øving på Øvre Rindal skule

I går øvde barnehagen og skulen på Øvre Rindal på å gå i tog. I år hadde vi også eige orkester. Tre vaksne frå barnehagen: Lisbeth, Vigdis, Ellinor og to elevar: Jonatan og Daniel, sørga for feiande flott musikk i toget.

Det sette sjølvsagt ein ekstra spiss på øvinga vår, og no gler vi oss skikkeleg til å få gå i tog på 17. mai! På heimesida til skulen ligg det bilde frå øvinga, melder Gro Magnhild Brønstad.