skei22

17. mai-toget i Surnadal avlyst - talar og kulturinnslag vert sendt på nett

Surnadal kommune melder at det blir ei annleis 17. mai-feiring i år. Grunna nasjonale krav er det ikkje muleg å avvikle dei tradisjonelle arrangementa med tog og store folkesamlingar. Dermed vert det ikkje tog eller arrangement ved skulane og kulturhuset.

(Arkivfoto frå 17. mai 2019).

Surnadal kommune melder fredag følgjande:

"Det blir ei annleis 17. mai-feiring i Surnadal i år.

Det er ikkje muleg å avvikle dei tradisjonelle arrangementa med tog og store folkesamlingar, sett ut frå krav som er sett på nasjonalt nivå. Det blir difor ikkje noko tog og arrangement ved skulane og kulturhuset.

Surnadal kommune vil ha ei kort sending over nettet på 17. mai med talar og kulturinnslag. Meir om dette vil kome seinare.

Det kan også vere andre markeringar som kan avviklast utan å vere i strid med sentrale retningsliner, og ein tek gjerne mot tips om slike for å kunngjera dei vidare på facebookgruppa «17.mai i Surnadal» og gjerne merk dei #17maisurnadal for deling i sosiale media."