Svein Dalen_1024x683

20 års engasjement for Surnadal IL

Svein Dalen har gjennom to heile tiår lagt ned frivillig arbeid til nytte og glede for idretten i Surnadal, omtrent halvparten av denne tida som leiar for Surnadal IL. Han har gjennom åra lagt ned ein betydeleg arbeidsinnsats for laget, og har som leiar vore sentral i arbeidet med på å utvikle Surnadal idrettslag, med aktivitetar og anlegg, til det det er i dag. Fleire nye utfordringar ligg og ventar, ifølgje Dalen, men no meiner han nye krefter bør ta over og leie laget vidare.

Svein Dalen har gjennom 20 år vore aktiv i frivillig arbeid for idretten i Surnadal. Foto: Norunn Holten

Det er no 20 år sidan Svein Dalen kom inn i idrettsarbeid i Surnadal. Han starta som oppmann for eit handball-lag i 1992-93. Sidan vart han leiar for handballgruppa, så sekretær i hovudstyret og no til slutt leiar i hovudstyret. Dette vervet har han hatt i vel ein 10-årsperiode. «Det har balla på seg med verv og oppdrag med åra», må han smilande vedgå. I tillegg til leiarvervet i Surnadal IL har han også vore leiar for Surnadal Idrettsråd i tre år før han vart avløyst av Knut Haugen som no sitt som leiar.

Surnadal IL har utvikla seg som organisasjon i løpet av Dalen si tid i laget, og mange store oppgåver har vore løyst, ikkje minst når det gjeld anlegg. Svein Dalen trekkjer spesielt fram utviklinga av Syltøran og etableringa av kunstgrasbanen, og at det har vore millionutbygging på Nordmarka med opparbeiding av to løyper på fem kilometer, tidtakarbu og smørehall. Eit arbeid med tørleggjing av stadionflata er også utført.

Ei positiv side ved idrettsarbeidet han har vore med på, er forholdet til kommunen. «Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med kommunen. Vi har hatt ein god dialog, og har det vore utfordringar, har vi funne fram til ei løysing. Den velviljen kommunen viser overfor idretten her i Surnadal, er eit eksempel til etterfølging for andre kommunar», seier han. Drivkrafta bak det arbeidet Svein Dalen har lagt ned, er likevel at det har vore interessant. «Du får eit voldsomt kontaktnett både lokalt, i idrettskretsen og på landsplan», seier han. Dette kontaktnettet er mellom anna eit resultat av at Surnadal IL har heile ni særidrettsforbund å forhalde seg til.

Når det gjeld framtida, ser Dalen fleire oppgåver det må arbeidast vidare med. Til dømes skulle det vore gjort noko med skiskyttararenaen på Nordmarka, meiner han. Denne er kosta av Surnadal IL, trass i at laget sjølv ikkje driv med skiskyttaraktivitet. Dalen fortel også at det er andre ballar i lufta når det gjeld anlegg. Han håpar no på meir fart på planane om ein fleirbrukshall. Vidare ønskjer laget også å få undersøkt mulegheitene for ei asfaltert rundløype på Nordmarka. Ei slik løype ville kunne brukast av alle, frå rullestolbrukarar til rulleskibrukarar.

Desse oppgåvene er det no han ønskjer å overlate til andre. Han har nemleg  valt å ikkje stille til gjenval før årsmøtet i idrettslaget den 26. mars. «På eitt eller anna tidspunkt må ein berre gje seg», seier han, men lovar å sørgje for at det blir ein mjuk overgang for den nye leiaren. Dalen har også ein del arbeidsoppgåver tilknytta idrettslaget som det ikkje er så lett å kvitte seg med over natta. Han er mellom anna styreleiar i aksjeselskapet som eig kunstgrasbanen, og leiar for utbyggingskomiteen for Nordmarka. Han ser derfor for seg ei gradvis nedtrapping av oppgåvene. Om dette også vil innebera ei nedtrapping i engasjementet for idretten i Surnadal, er vel derimot ei anna sak…….