NeTor Egil Lagnes_350x263

229 kilo laks første veke

32 laksar med ei samla vekt på 229 kilo vart fangsten i Surna dei fem første dagane av laksesesongen 2011. Det viser statistikken frå surna.no for veke 22. Største fangst så langt står Oddvar Grøseth for, med ein laks på 15 kilo som vart landa på Krangnes. Bekymringa er at det er teke heile seks oppdrettsfisk, noko som er mange så tidleg i sesongen.

På sone Honnstad/Mogstad vart det teke tolv laksar dei fem første dagane av 2011-sesongen 2011. I går, måndag 6. juni, vart det også landa tre laksar, alle over sju kilo.

Bildet viser Tor Egil Lagnes med laksen på elleve kilo som han tok onsdag 1. juni. (foto: surna.no)

Ti på topp etter veke 22:

1. Oddvar Grøseth - 15,0 kg (Krangnes)

2. Hasse Fransson - 11,6 kg (Holmsletta)

3. Tor Egil Langnes - 11,0 kg (Honnstad/Mogstad)

4. Terje Wermskog - 11,0 kg (Honnstad/Mogstad)

5. Johanes Fugelsnes - 10,7 kg (Pellhølen)

6. Jan Sundquist - 9,0 kg (Øyen/Faksnes)

7. Kjell Gussiås - 8,5 kg (Honnstad/Mogstad)

8. Per Christiansen - 8,2 kg (Øvre Sæter)

9. Marvin Haugen - 7,8 kg (Holmsletta)

10. Knut Nilsen - 7,8 kg (Krangnes)