Brage Kristian Einum (t

... i gåve frå suksessforfattaren Anne Lise Boge

25.000 kroner til Batteri

Anne Lise Boge, forfattaren bak bokserie-suksessen "Arvesynd", ga påskelaurdag 25.000 kroner til Surnadal-bandet Batteri til studioinvestering. Det skjedde da Roald Boge - son til Anne Lise, manager for Batteri og far til gitarist Stein - i samband med 50-årsfeiring hadde invitert familie og venner til spesialkonsert med Batteri i Storstuå i Surnadal Kulturhus.

Batteri presenterte i hovudsak heilt nye songar, samt nokre gamle kjenningar, under konserten som var ein forsmak på kva publikum kan vente seg når Hans Olav Settem (vokal, gitar), Sondre Skogseth (bass), Oddbjørn Sponås (trommer), Brage Kristian Einum (keyboards) og Stein Boge (gitar) skal ha opningskonserten under Vårsøghelga i juni.

På Vårsøghelga-konserten skal Henning Sommerro opptre saman med bandet. Under konserten påskelaurdag var derimot Batteri-venn og MGP jr-vinnar Celine Solemsløkk  Helgemo (bilde nr. 2) gjest på "Sorte får", i tillegg til faren Tore Andre Helgemo (bilde nr. 3) saman med Batteri gav Roald Boge ei musikalsk gåve i form av ein storarta versjon av Pink Floyd-klassikaren "Comfortably Numb".

Eit anna høgdepunkt under konserten var da Anne Lise Boge under sin tale til Roald Boge, frå scena fortalde at ho gav ein sjekk på 25.000 kroner til Batteri til bruk til vidare studiosatsing!

Anne Lise Boge er forfattaren bak bokseriesuksessane "Arvesynd" - med handling lagt til Nordvik i Surnadal - og "Morshjerte".

Høyr nye Batteri-songar på bandet si MySpace-side, og sjå bandet sin eigenproduserte video til "3003 - en barnehageodyssé" på YouTube.