
30 år hos same arbeidsgjevar
Trollheim Vekst AS gjorde torsdag stas på ein av dei tilsette i bedrifta. Geir Arne Gravvold har vore tilsett i Trollheim Vekst i 30 år, og fekk tildelt Norges Vels medalje for lang og tru teneste i samband med at bedrifta inviterte dei tilsette til julelunsj på Vårsøg Hotell.
Eigarrepresentantar, styremedlemmer og tilsette frå dei ulike avdelingane av Trollheimen Vekst var samla torsdag på Vårsøg Hotell, rundt 130 representantar til saman.
Styreleiar Lilly Gunn Nyheim og personalleiar Ronald Aasgård stod for den høgtidelege utdelinga av fortenestemedaljen.
Her ser vi den stolte heidersmannen Geir Arne Gravvold med medaljen og diplomen! Han vore tilsett i Trollheim Vekst og forgjengarane til denne bedrifta i 30 år.
Før samlinga i foajeen i kulturhuset, var det både styremøte og eigarmøte. Her ser du f.v. Nestleiar Gøril Bakken, konstituert dagleg leiar Jo Forslund og styreleiar Lilly Gunn Nyheim.
På eigarmøtet fekk vi ein god gjennomgang av kva bedrifta Trollheimen Vekst driv med i dag både i Surnadal og i Sunndal. Trollheim Vekst AS er ei arbeidsmarknadsbedrift som er eigd av kommunane Surnadal, Sunndal, Halsa, Tingvoll og Rindal og av Møre og Romsdal Fylke. Det har vore fleire slike bedrifter som no er fusjonert i dette selskapet. NAV er største samarbeidspartnaren.
Vi fekk høre at limtreproduksjonen no skal fasast ut. Like eins produksjonen av garasjeportar. Nye område er ei avdeling for plastsveis i eigne lokale. Elles samarbeider Trollheim Vekst med lokalt næringsliv, særleg elektrobedrifta El-Watch i Rindal, Sunndalspotet i Sunndal og MøreTre i Surnadal.
Skreddarsydde kurs for næringsliv er også eit satsingsområde. Dei venter seg særleg mange oppdrag for kurset i handtering av overgrep og prosedyrar omkring overgrep. Det kan du lese meir om her!
Les om Trollheimen Vekst AS her!
Klikk på bilda fråfoajeen nedafor og sjå dei større!
.