Give me 5 - 1_350x280

5. klassingar klare for musikalske sprell

Det var både humør og innsatsvilje hos den store 5.klasse-gjengen som var samla til øving i Storstuå i Surnadal kulturhus i dag, onsdag. Da var det nemleg gjennomgang av dei musikalske innslaga som skal presenterast under konsertprosjektet "Give me 5" den 24. mars.

Dette er andre året det blir arrangert "Give me 5"-konsert i Storstuå. Dette er eit musikalsk prosjekt med alle 5.klassingane i Surnadal kommune, og i år tek dei for seg temaet vennskap og toleranse.

I og med at MGP jr-vinnar Torstein Snekvik frå Kvanne er 5.klassing, vart det naturleg at vinnarsongen hans, "Svikter aldri igjen", er blant songane på "Give me 5"-repertoaret.

Som gjesteartist har elevane fått med seg Frode Alnæs, og konserten blir ei blanding av solo med Frode, kun 5.klassingene, og Frode og elevene i lag.

Billettsalet har allereie gått svært godt, så den som vil sikre seg plass, må vere kjapt ute. Billettar kan kjøpast her.