5217søndag_header_liten

4. januar i Surnadal

52-17 Søndagsturen

2015 er friluftlivets år og 4. januar tjuvstartar 52-17 Søndagsturen med friluftsaktivitetar. Den planlagde turen til Tjønnmyra i Todalen førstkommande søndag blir flytta til Bæverfjord.
Les meir om turen og se ruta HER!

2015 er friluftslivets år, og i den forbindelse samarbeidar Rindal, Surnadal og Halsa kommune med lokale lag og organisasjonar om å arrangere søndagsturar gjennom heile året. 17 turar gjennomføres i kvar kommune, for kvar av dei 52 vekane, derfor har initiativtakerne valgt å kalle prosjektet #5217søndag. Friluftslivets år, eit nasjonalt tiltak fra Norsk Friluftsliv, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet, blei sist arrangert i 2005.

Oversikt over alle søndagene finn du HER!

Informasjon om turen til Bæverfjord førstkommande søndag:

Namn på tur:

 

Rundt om Kraftstasjonen i Bæverfjorden

Omtale:

 

Turbeskriving:

Dette er ein fottur i Bæverfjord, du kryssar elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, som i skrivande stund er brøyta og strødd. Det er eit parti etter hengebrua med litt djup snø, men vi har fått lovnad om at det skal kjørast på traktorspor på det stykket. Det er planlagt bålpause ved kraftstasjonen og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. 

Runden går i flatt terreng, tek turen ca 1- 1,5 time rask gange. Vi beskriv her turen med startpunkt Bæverfjord samvirkelag i sentrum av Bæverfjord. Herifrå går du etter riksvegen i retning Nordmarka. Ta av til venstre inn på Vollavegen og gå opp til enden av vegen ved kraftstasjonen. Gå forbi kraftstasjonen og sving ned mot elva og hengebrua over Bøvra. Fortsett etter grusvegen på andre sida og ta til venstre nedover dalen igjen når du kjem til eit t-kryss. Følj vegen ned att til samvirkelaget.

På søndag vil det vere kjentfolk med på turen.

Varigheit

 Om lag 2 -3 t (inkl. bålrast)

Dato

 4. januar 2015

Oppmøtetid og -sted

Kl. 12:00 

Parkering ved Bæverfjord S-lag

Arrangør

og arrangørkontakt: 

Surnadal kommune

Kontaktperson: Lilli Husby tel 91112416

Viktig informasjon 

Kle deg etter været. Ta gjerne med niste og sitteunderlag, kanskje eit akebrett og isbroddar kan fungere godt på denne turen.-

 

Meir innformasjon om 52-17 Søndagsturen finn du i tidligare artikkel på Trollheimsporten og på heimsida til 52-17 Søndagsturen!