53 av 70 sakna sauer er funne
Sauebøndene Mats Ranes og Harald Krangnes mista 35 sauer kvar i storflaumen i Surna måndag. No bekreftar Helga Krangnes at 53 av dei 70 sauane som var sakna, er funne.
– Status no er at 29 av dei 35 Mats mista, og 24 av de 35 vi mista, er funne, seier Helga Krangnes til Trollheimsporten litt før klokka 15 tysdag.
Ho er full av lovord om den hjelpa dei har fått i samband med tragedien.
– Det er utruleg gledeleg at så mange stiller opp og hjelper oss. Det er så tydeleg at folk har lyst til å hjelpe oss, seier Krangnes, medan Elisabeth Mo skyt inn:
– Det var vel 35 personar til lunsj her i dag.
– Ja, vi møttest klokka 10 i dag tidleg, og då var reiskapshuset fullt av folk. Det er heilt fenomenalt, seier Krangnes.
Ho fortel at det har vore ein tung dag, men at det likevel har gått greitt.
– Vi må prøve å fokusere på det positive, og det blir lettare av at folk bryr seg og er så ivrige etter å hjelpe til.
Nina Torvik er blant dei som har leita etter sauer sidan før lunsj tysdag, og så langt har ho funne 13 omkomne dyr. Ho innrømmer at det gjer inntrykk.
– Det er nesten så ein treng ein debriefing, seier ho, og legg til:
– Sauebønder er det mest imponerande folkeslaget er nokon sinne har møtt.
Forholda teke i betraktning tykkjer Helga Krangnes og dei andre i reiskapshuset at det nesten er betre enn venta at såpass mange dyr allereie er funne.
Tysdag ettermiddag går og Surnadal Røde Kors Hjelpekorps igjen i gang med å leite etter omkomne dyr.
– Vi startar med søk i fire-fem-tida tysdag ettermiddag, bekreftar innsatsleiar Lars Polden junior.
Surnadal Røde Kors Hjelpekorps startar opp att med søk etter omkomne dyr tysdag ettermiddag.