Surnadal IL melder:
A-kamp mot KBK 2 laurdag
Surnadal sitt fjerdedivisjonslag for menn sparkar laurdag i gong haustsesongen med heimekamp mot serieleiar KBK 2. Sist laga møttest på Syltøran, i 2017, vart det 1-0 og heimeseier, så laget satsar på tre poeng denne gongen og.
Ingressfoto: Bjørnar og Andreas Dalsegg Sæter etter seier over Malmefjorden/Ekko/Aureosen i 2018.
Laurdag klokka 14.00 tek Surnadal sitt A-lag i fotball for herrar imot Kristiansund BK 2 på Syltøran stadion.
KBK-rekruttane toppar tabellen med sine 26 poeng på 11 kampar, medan Surnadal ligg på 6. plass, åtte poeng bak.
Laga møttest og i serieåpninga i Kristiansund i april. Den gongen vann karane som helst et klippfisk, gjerne i bacalao, 4-1, med heile åtte spelarar frå klubbens Eliteseriestall i kamptroppen.
I og med at KBK sitt førstelag spelar mot Odd søndag, blir det nok ikkje like mange frå førstelaget med denne gongen, men rekruttlaget viste gjennom vårsesongen at dei er bortimot vel så sterke når dei stiller med yngre, meir samspelte spelarar.
For Surnadal stiller uten spelarar som Petros Simon Bokre, Elvijs Jansons og Stein Todalshaug, medan Amen Gebrehiwet Hailu har flytta til Oslo. Steinar Heggset, Håkon Sæther og Ola Øyen Saltrø er og utilgjengelege, men Webjørn Holten kan likevel stille med ein sterk 18-manns-tropp.
Tore Næss spelar laurdag sin siste kamp i den blå drakta for denne gong, attpåtil mot KBK-laget han tidlegare var kaptein for, før han tek turen over Atlanteren for eit nytt år med collegefotball i USA.
Både Andreas og Bjørnar Dalsegg Sæter er med i troppen, som ser slik ut:
Mattis Fiske, Lars Mogstad, Ørjan Nes Haugen, Knut Ola Høvik, Vegar Brøske, Tore Bæverfjord, Andreas Dalsegg Sæter, Tore Næss, Ingebrigt Løfaldli, Geir Bævre, Sindre Hyldbakk Kvande, Viljar Fiske Kvande, Sander Smevoll, Erik Kvendset Andersen, Erling Belsås, Sindre Fiske, Frikk Hauglann Talgø og Bjørnar Dalsegg Sæter.
Dommartrio i kampen er Bendik Haarberg (Kvass/Ulvungen), Martin Sørensen Kristiansen (Nordlandet) og Kurt Einar Ansnes (Kvass/Ulvungen).
Det vert åpen kiosk og loddsal.
Vi håpar så mange som muleg tek turen til Syltøran for å støtte laget i jakta på seier!
Vel møtt!
Her kan du sjå tabellen i 4. divisjon Nordmøre og Romsdal.
Surnadal IL er medlem av Trollheimsporten.