stangvik kyrkje 2014

Lene Gåsvatns preike pinsedag

Å stå ved livet

Når Jesus tek seg fram gjennom låste dørar og kjem i kroppen slik den vart av naglar og sverd, er det legitimasjon god nok for disiplane. Når Jesus pustar på dei og ber dei ta imot Den Heilage Ande, er det energi nok så det held både for disiplar og kyrkjelyd.

Pinsedag, fellesgudsteneste i Stangvik.

Joh 20,19-23: Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»

Jeg tilstår at jeg har levet!

Utsagnet er omsetjing av ein boktittel etter den chilenske nobelpris-forfattaren Pablo Neruda.

Jeg tilstår at jeg har levet. Utsagnet kom opp i Dagsnytt 18 torsdag. Partisekretær Raymond Johansen var i studio hos Anne Grosvold og prata om svigerfar Reiulf Steen som var død same dagen.

Biletet som vart teikna av den gamle høvdingen gjekk på vitebegjær og kunnskapsrikdom tross berre 7 års skulegang. Om djup innsikt både i litteratur og filosofi. Og ikkje minst om sårbarheit - .

Så kom det, gjerne ikkje så uventa sidan enka etter Reiulf Steen som også er Raymond Johansens svigermormor er chilensk:

Jeg tilstår at jeg har levet!

Er det ikkje den slags tilståing me må koma med, alle? I all si enkelheit er det mesta banalt å stå ved at ein har levd.

Men me skal ikkje vera gamle før me må sjå og innsjå at me levde livet vårt både-og, at det vart både på godt og vondt både for oss sjølve og dei me måtte møte.

Er me tydelge, kan me like gjerne vera framfusande. Er me forsiktige, kan me like gjerne vera feige. Steller me fint med oss sjølve, kan me like gjerne vera egoistiske.

Me kan like godt slutte oss til erkjennelsen av å ha levd, uansett om me heitte Reiulf Steen eller om me heiter eitkvart anna.

  • som for eksempel Peter, Johannes, Levi, Andreas, Tomas og den forsamlinga.

Sjølvsagt er dei redde! Dei har sett kva som skjedde med Jesus og har ikkje særleg til håp for sin eigen skjebne.

Så kjem han som går gjennom låste dører. Han som korkje er sydd eller helbreda i side eller hender sidan sist.

Denne karen, Gud i eigen person, kjem gjennom låste dørar og bekjenner med både munn og kropp – ikkje at han har levd, men at han lever! Hender og side er legitimasjon god nok for vettskremte og livredde disiplar.

Det er noko spesielt med pusten, - med pneuma som har så mange interessante meiningsinnhald og betydningar.

Jesus tek pusten i bruk. Og ord. Bodskapen blir lettfatteleg nok: Ta imot Den Heilage Ande! seier Jesus mens han pustar på disiplane sine.

Meir skal det ikkje til. Dei blir fylt av alt: Vind, pust, liv, sjel, ånd, kraft og energi, inspirasjon og Gud sjølv.

I Jerusalem skjer med med eit pust. I Stangvik kyrkje skjer det med Ordet og døypevatn, brød og vin. Og for alle gjeld det same:

Me har fått Den Hellige Ånd. Me er del av Guds menighet på jorda. Me er Jesu utsendingar og vitne der me fèr. Og Jesus er like nær oss som lufta i lungene.

Me må gjerne bekjenne livet og tilstå at me har levd. Like gjerne vedkjenner Jesus seg oss. Han tilstår at han tek ansvaret for oss like til siste evigheit, når så enn den måtte intreffe.

Det er legitimasjon god nok å ta Jesus på ordet og vita at sverdsår i sida og spikarsår gjennom hender er Jesu tilståing av å ha levd og gått i døden for meg. Meg òg.