Tor Rune Halset, Anders Larsen og Anne Lise Wullum

Laget Vårsøg vil verte meir synlege:

Åge Aleksandersen og Trondheimsolistene til Stangvika

Nytilsett dagleg leiar Anders Larsen og styret i Laget Vårsøg vil gjere organisasjonen meir synleg utanom Vårsøghelga. I mars arrangerer dei like godt konsert med Åge Aleksandersen og Trondheimsolistene i Stangvik kyrkje.

– Slik reint bortsett frå sjølve Vårsøghelga, blir nok dette kanskje årets høgdepunkt, smilar Anders Larsen.

Reint formelt startar han ikkje som ny dagleg leiar i Laget Vårsøg før 1. november, men allereie no kan han presentere sitt første arrangement. Og det er altså ikkje kva som helst:

– 20. mars held Åge Aleksandersen og Trondheimsolistene konsert i Stangvik kyrkje. Det er den same konserten dei heldt i Nidarosdomen under Olavsfestdagane i Trondheim, og der vart det smekkfullt. Konserten deira i Stangvika vert den einaste på Nordmøre, seier Larsen.

Hovedsponsor for turneen til Åge Aleksandersen og Trondheimsolistene er Sparebank1 SMN, og informasjon om når billettane til konserten vert lagt ut for sal kjem så fort det er klart.

– Dette er eit ledd i at Laget Vårsøg tenkjer meir på heile året, for å gjere oss meir synlege. Både Vårsøghelga og Laget Vårsøg har eit stort potensial, seier Larsen, og fortsett:

– Festivalen vår er allereie populær i Surnadal, og blir vi meir synlege vil vi kunne trekkje meir folk utanfrå. Det vil igjen generere meir pengar til lokalt næringsliv.

Larsen forventar at det blir rift om billettane, og er spent på kor mange ein får plass til inne i kyrkja.

– På nett står det 550, men vi må ta alle nødvendige omsyn til branntryggleik og liknande, så vi skal gå i dialog med soknerådet, for å sjå kor mange vi kan klare å få inn.

Styreleiar Tor Rune Halset og styremedlem Anne Lise Wullum i Laget Vårsøg fortel at alle sponsorar og frivillige blir invitert til kick-off i Bonhuset etter konserten. Der vil det bli servert suppe og brød.

– Vi ønskjer å vise at vi set stor pris på alle dei som jobbar og samarbeider med oss, seier Wullum.

Åge, Gunnar og Trondheimsolistene foto Marthe Vannebo.png
Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen og Trondheimsolistene på scena i Nidarosdomen under Olavsfestdagene i Trondheim. I mars 2020 kjem dei til Stangvik kyrkje (Foto: Marthe Vannebo).
 

Takkar sponsorar og frivillige

Ifølgje Anders Larsen, handlar det å drive festival om god planlegging, samt god dialog med alle involverte.

– Ein festival er ein stor dugnad, i vårt tilfelle frå kunstnarisk leiar Henning og til kvar og ein av dei som stiller opp frivillig. Vi skal planlegge i god tid, og når festivalhelga kjem skal alt vere på stell. Så god kontakt med både frivillige og sponsorar blir viktig, seier Larsen, og får støtte frå Tor Rune Halset:

– Ja, vi er veldig takknemlege for innsatsen frå frivillige og sponsorar.

– Sponsorane skal føle at Vårsøghelga er det beste dei sponsar i løpet av året, med tanke på kva dei får att og kva oppfølging dei får, seier Larsen.

Trioen Larsen, Halset og Wullum er klare på at dei har ei utfordring når det gjeld å engasjere ungdommen i bygda.

– Det er viktig for rektutteringa framover at vi har fokus på ungdom. Det å arbeide som frivillig under Vårsøghelga, og ha det på CV’en, vil vere ein god attest å ha med seg vidare, seier Wullum.

– Her vil det vere viktig å samarbeide godt med kulturskulen, i tillegg til andre aktørar, som hotellet og kulturhuset, seier Larsen, som fortel at han har late seg særleg imponere over dansemiljøet som har utvikla seg i Surnadal.

– Vi må engasjere ungdommen, og det blir viktig at vi tek med oss den gode jobben som er gjort i Laget Vårsøg tidlegare, og få ny energi inn i heile organisasjonen, seier han.
 

Rik kulturarv i Surnadal

I 2020 er det 75 år sidan Hans Hyldbakk skreiv diktet «Vårsøg». Larsen meiner det difor er naturleg at diktet, og litteraturbiten generelt, får ein fin plass i neste års Vårsøghelg.

Den påtroppande daglege leiaren har og andre tankar om neste års opplegg.

– Eg har allereie ein del forslag til artistar vi kan ha på programmet, men vi er veldig åpne for forslag frå folk – både når det gjeld artistar, kunstnarar, forfattarar og lokale som kan brukast i samband med Vårsøghelga, seier Larsen.

Han fortel at han ser på Vårsøghelga som eit slags startskot for våren og sommaren.

– Det er ei unik helg i Surnadal, og eg håpar surnadalingane forstår kor rik kulturarven vår faktisk er, for det vi har fått til her i kommunen vert lagt merke til langt utanfor grensene våre, seier Larsen.

Anders Larsen og Henning-skulpturen.jpg
Anders Larsen, her med "Henning Sommerro", som står i foajeen i Surnadal kulturhus, er allereie klar til å annonsere sin første konsert som dagleg leiar i Laget Vårsøg, sjølv om han reint formelt ikkje tek til i jobben før 1. november.

Ingressfoto: Tor Rune Halset (t.v.), Anders Larsen og Anne Lise Wullum.