Årets Kløvvegmarsj
Laurdag 1.august går årets Kløvvegmarsj til Vindøldalen etter den gamle kløvvegen. Det er fullmåne på fredag og da satsar vi vel på at han ordnar med godver i helga.
Over: Frå marsjen i 2011.
Turen går laurdag og søndag er det gudsteneste på Røstn. Setra har matsalg begge dagane, rømmegraut og bakels m.m.
Marsjen er gratis og har ikkje noko påmelding. Den går for å halde opp kløvvegen så den ikkje gror igjen. Så enkelt som å sette ein dato og gå ilag i eit fornuftig, greit tempo for dei aller fleste. Vi håpar mange har lyst til å bli med og gå, og så er alle velkomne på Røsta i helga!
Sjå bilete frå tidlegare marsjar nedom plakaten.
Sau i Vindøldalen.
Fra marsjen i 2014.
Mausetsetra.