Bøfjorden Historielag:
Årsmøte og nye planer
På årsmøtet laurdag la Bøfjorden Historielag fram ferske planer for komande sommarsesong. Temadagane på sjøbruksmuseet frå juni til september byr på varierte opplevingar.
- Vi startar 16. juni med middag og presentasjon av Heggemselva Mikrokraft AS, seier leiar Bernt Bøe og lovar vidare biletkåseri om markante bygdeprofilar og flotte nordmørsskuter - med lydopptak av mannskap på «Embla», «Brødrene» og «Skrøyfa».
Forfattarane Svein Sæter og Einar Oterholm besøkjer museet. Vakker nordmørsnatur, dialekt, lokal litteratur, humor og barndomstradisjon fyller sine søndagar. Hobbyaktiviteter, biletkunst og idrettsbragder står også på kalenderen.
- Søndag 25. august blir årets Fjorddag – etter planen med sundbåten «Framnæs» i guida rute etter dei gamle Møredampane, seier Bøe.
Eli Moen og Gunnhild Vetleseter Bøe vart innvalde i styret og vil saman med Inge Dønheim, Gunnvald Bøe og Bernt Bøe bidra til å bevare den lokale historia som eit levande miljø i bygda og distriktet.
- Staknes fyrlykt i Bøfjorden skal rivast med det første, fortel Bøe.- For å bevare den som kulturminne får vi etter avtale med Kystverket overta den og plassere den på moloen ved småbåthamna. Dette skjer i samarbeid med Bøfjorden Småbåtforening.
Laget og sjøbruksmuseet driv på dugnad og har ikkje fast offentleg stønad. Årsmøtet oppfordra difor det nye styret til frimodig å søkje midlar for å realisere spennande prosjekt som ligg på tegnebrettet.
Ingressbilde: Planene for sommarsesongen 2019 på sjøbruksmuseet er klare, seier leiar Bernt G. Bøe i Bøfjorden Historielag.
Tekst: Bernt Bøe