Åsgårdsreia på Kleiva

Det riksa av rimsnø og skare oppover Kleivavegen. Hadde du vore der i går kveld i skyminga ville du sett eit underleg til følgje. Pustande og pesande rakla dei oppover med breie snøfotar og lys på hovudet. Det var aldeles som å sjå ei Åsgårdsrei med 18 i følgje som gjekk ”Bøverdaling” oppover mot Kleivakongens residens. Fremst i følgje gjekk ein karravorin Øverbøgding frå iTrollheimen å masa om sitt.

Han må no berre få halde på, tenkte sikkert dei andre.

Attest ropa den alltid så engasjerande å sprudlande Ann Kristin frå Surnadal Trenings- og Velværesenter

No må vi berre køyra på folkens, på Kleiva skal iTrollheimen med Gøran Bolme og eig, Ann Kristin Bruset frå Surnadal Trenings- og Velværesenter arrangere verdas einaste tilbod av TRUGEPILATES!

Resten av følgjet smila og lo mens frostrøyken nesten laga ein liten skoddedott over det rare følgjet som gikk taktfast opp Keivavegen. Det har nok også før gått rare og til dels ustø fotefar opp denne vegen, men aldri så gale som no. Åsgårdsreia var nemlig utstyrt med truger og stavar og dei gjekk som om dei aldri hadde gått med noko anna.

Samlege av deltagarane blei med på ein såkalla ”snarra-tur” med truger gjennom busker, under ei rotvelt-furu og over læger. Alle deltagarane gjennomførte med bravur og fekk tildelt det gjeve trugesertifikatet.

snarra-tur.jpg
”Snarra-tur” gjennom kjerr og under rotvelt. (Foto: Gøran Bolme)

trugepilates.jpg
Trugepilates på Kleiva (Foto: Anne Vognild Einum)


Vel framme på Kleiva såg vi bøgda legg å fløe evve flate gjer med alpinsenteret som eit velsigna landemerke ved sidan av fagraste fjorden i fanget. Det var så blodet i brengån bråna der 18 spreke  trugevandrarar sto å utførte trugepilates instruert av Ann Kristin og akkompagnert av Hyldbakkviser fra Øverbøgg-gitaren.

Med trugesertifikat i lomma, utført trugepilates og etter deltagarane i Åsgårdsreia å dømme hadde dei fått ein flott opplevelse denne onsdagskvelden. Forhåpentlegvis ligg Åsgårdsreia no med dårande draumar i doggsvale kveld og tenker på kor lite som skal til før ein blir takksam for at man enno er til og ikkje minst

du store verda, Trugepilates….. det skal eg jammen på fleire gongar.

Ann Kristin og Gøran.jpg
(Foto: Anne Vognild Einum)


Tusen takk for turen alle sammen!


Ann Kristin og Gøran


Tekst: iTrollheimen og STV