surnadal heimbygdalag

Abakleg, abel og abese...

... er dei tre første orda i Surnadal Heimbygdlag si ordliste over surndalsmålet. No går laget sitt prosjekt om surndalsmålet mot sluttføring, og difor oppfordrar dei bygdefolket om å kome med innspel i sluttfasen.

På Surnadal kommune sine heimesider kan du lese at stoffet har lege ute på nettet i over eit år, og vart sist oppdatert i september i fjor. Heile tida har det vore arbeidd med retting, redigering, utviding og tillegg. Men Surnadal Heimbygdlag ønskjer framleis at bygdefolket seier frå viss dei finn noko som er feil eller ufullstendig, eller om dei saknar eitkvart. Laget har hatt stor nytte av innspela frå interesserte bygdefolk, men skulle gjerne sett at "medarbeidarane" vart enda fleire. Ei særskilt oppfordring kjem til dei som kan ord og uttrykk om båt og sjø, for der er grunnlagsmaterialet tunnare. Sjå også på lista over gardsnamn om det er rett det som er skrive om namnet "ditt". Ta kontakt med Sverre Hatle på tlf.71662133 eller e-post: sverre.hatle@online.no , eller dei andre i redaksjonsnemnda: Gunnhild Mogstad og Gustav Kvendbø. Dryg ikkje med å ta kontakt, for laget må snart sette sluttstrek for redaksjonsarbeidet. Om bruken av ordlista: Det kan vere lurt å lese føreordet først, det vil hjelpe deg til å bruke ordlista meir effektivt, og du får hjelp med lydskrifta. Du kan søkje på enkeltord ved å klikke på "kikkerten" og skrive ordet du leitar etter, i søkjeruta.

Ordlista kan du lese her. 
Ordboka kan du lese her.