Adventsfest i Dønnem bedehus

Med levende Jesusbarn, rørende underholdning, andakt og julefred ble det feiret adventsfest i Dønnem bedehus søndag. Trollheimsporten har fått tilsendt tekst og bilde.

Dønnem adventsfest JPG ORIG_690x690.jpg

Søndag hadde vi adventsfest i grenda vår. Adventsfesten er ei vidareføring av juletrefesten som var på Dønnem bedehus frå huset vart bygd på 1920-talet. Det var godt oppmøte, alt frå babyar til oldeforeldre. Søndagsskulebarna dramatiserte juleevangeliet, og nytt for året var ein stall og ei krybbe, eit eige lite Betlehem, laga av Olav Meisingset. Tradisjonen tru hadde vi eit levande Jesusbarn i krybba i år òg, denne gongen var det Sivert Magnus Fiske som fekk den store æra.

Vi fekk òg underhaldning av Knut Arne Fiske Pedersen som spelte fine julesongar, og barn frå grenda som las juleevangeliet og song. Tårane rann og klumpen i halsen var stor når Gøran Bolme framførte sin hyllest til adventsfesten. Gøran fanga essensen av julestemninga og folket i grenda på ein heilt unik måte.

Andakten vart halden av Hans Orset og vart dramatisert med både filmframsyning og skodespelarar.

Kaffelagsbordet bogna som alltid av godsaker av alle slag, vi fekk ein forsmak på god julemat. Til slutt gjekk vi rundt juletreet og alle vart fylt av julestemning og julefred.

Tusen takk til Ingunn og Gunnhild Meisingset som arrangerte den fine festen.