Dønnem bedehus adventsfest 2015 tilsendt

Adventsfest i Dønnem bedehus

2. søndag i advent var det adventsfest igjen. Som alltid var det mykje folk og mykje god mat. I år hadde søndagsskuleborna eit julespel utanom det vanlege, "Dyras jul", vi fekk høyre juleevangeliet frå dyra i forteljinga. Dyra hadde og med seg ein gitarspelande gjetar, Gøran Bolme, og søndagskulelærarane, Gunnhild og Ingunn, som var englar.

Lars Petter Ødegaard, som er områdearbeidar i Norsk Luthersk Misjonssamband, heldt andakt. Han hadde vore i Mongolia og ungane hjalp han med å kle på seg den mongolske folkedrakta, og det var ikkje berre enkelt. I andakten la han vekt på det viktigaste vi skal gjere i adventstida, som er å vera snille med kvarandre og hugse julebodskapet, dette blir ofte gløymd i julestria.

Vi takkar søndagsskulen for ein stemningsfull og vakker adventsfest.

 

Foto: Privat.