Fellesnummer header

Adventskonsert i Ranes kyrkje

Det var musikalsk mangfald på konserten i Ranes kyrkje denne 3. sundag i advent. Alt frå Bach og Schubert til Odd Nordstoga og Trygve Hoff vart presentert, både med korps, kor og solistinnslag.

Den tradisjonelle adventskonserten i Ranes-kyrkja blei ein fin musikalsk oppleving for dei ganske mange frammøtte denne kvelden. Det starta med korpsmusikk med Surnadal hornmusikk under leiing av Einar Sødergren. Dei framførte på vakkert vis «Nordnorsk julesalme». Deretter var det dirigent Sander Van Der Loo og skulemusikantane sin tur. Dyktige ungdommar , som vitnar om god ettervekst når det gjeld korpsmusikantar. Deira versjon av «Santa Claus is coming» var det god snert i!

Oddveig Helset Halle hadde ein orgelsolo, «Noel» over ein siciliansk julemelodi, samt at Linda Humberset, trompet, og Ingrid T. Næss, kornett, bidro på nokre nummer. Det lèt fint.

Tordenskjold songlag, med dirigent Elin Persson, var neste på programmet med fire songar, godt hjulpet av ein, som vanleg, fremragande Brage Kristian Einum på piano.

Første solistnummer var det Kirsten Næss som sto for. Ho spelte Shubert`s «Marchenbilder» 1. sats på bratsj. Ho gjorde ein strålande jobb! Einum bidrog også der. Næss viste at ho berherskar instrumentet på ypperleg vis, og vi får heilt sikkert høyre meir frå ho i framtida!

Damekoret Credo, med dirigent Oddveig Helset Halle, ga oss tre flotte julesongar, og på «Opp gledes alle» var også Ljubomir «Alex» Aleksandrov med på gitar.

Nest sist ut var Trollheimsbrass under leiing av Lars Peder Sylte. Dei spelte tre julemelodiar og på siste innslag, «Et lys i mørketida» av Trygve Hoff, var Bjørn Stomsvik song-solist. Det klarte han med glans!

Sist men ikkje minst fekk vi høyre Pernille Torvik syngje «Silent Night». Det var kanskje kveldens høgdepunkt. Stor stemme på den unge dama! Her bidro òg Einum på piano.

Alt i alt var dette ein bra konsert, og eg vil tru at alle dei frammøtte kosa seg, før det var på tide å venda nasen heimover, denne sundagskvelden i desember.

 

Brage Kristian Einum.jpg
Brage Kristian Einum

Damekoret Credo.jpg
Damekoret Credo

Kirsten Næss.jpg
Kirsten Næss

Pernille Torvik.jpg
Pernille Torvik

Skolemusikk.jpg
Surnadal Skulekorps

Surnadal hornmusikk.jpg
Surnadal Hornmusikk

Tordenskjold.jpg
Tordenskjold Songlag

Trollheims brass.jpg
Trollheimsbrass