Afrikansk dans
Den siste veka har vaksenopplæringa i Rindal samarbeidd med 8. og 10. trinn ved Rindal skole i musikk og kroppsøving. Vaksenopplæringa har lært bort somalisk og eritreisk dans til ungdomsskuleelevane, og ungdomsskuleelevane har vist fram dansar som dei har lært.
I tillegg har elevane frå vaksenopplæringa fått vere med 8. trinn i kroppsøving. Både dans og leik fell i smak hos elevgruppene, og somme dansa heilt heim til klasseromma sine.
Foto: 8.klasse og Idun på Vaksenopplæringa.