bjørn surnadal 1_250x167

Kan vere den same bjørnen som vart sett i Rindal og Surnadal

Aggressiv bjørn tok lam

Seint på kvelden 17. mai vart det sett ein bjørn som tok eit lam i Drivdalen i Oppdal. Bjørnen var ifølge observasjonane aggressiv, og turgåarar blir advart mot turar i området. Det blir no spekulert i om dette kan vere bjørnen som for kort tid sidan passerte gjennom Rindal, Surnadal og Sunndal.

Bjørnen vart først observert av tre jenter som såg at den tok eit lam. Fleire vaksne drog deretter ut for å jage bjørnen og samle saman sauene.

Avisa Opdalingen skriv at Per Christiansen og fleire andre var i nærkontakt med bjørnen fleire gonger medan dei sanka saman sauene som var på beite i lia.

– Vi kom straks i nærkontakt med bjørnen. Først kom den i lange byks mot oss, før den stoppa opp berre nokre meter frå oss. Vi fekk det travelt med å samle inn sauene. Medan vi heldt på med det, høyrde vi bjørnen flere gonger like i nærheita av oss. Bjørnen verka aggressiv og eg vil be folk om å vere svært forsiktig, seier Per Christiansen.

Oppdal kommune har no søkt Direktoratet for naturforvaltning om fellingsløyve på bjørnen.

Det blir spekulert i om dette kan vere bjørnen som for kort tid sidan passerte gjennom Rindal, Halsa, Surnadal og Sunndal. Denne bjørnen vart fotografert på Rindalsskogen. Bjørnespor vart observert fleire stader i Surnadal, mellom anna ved alpinanlegget ved Grytåfeltet (bildet t.h.).