
TRAFIKKFARLEG PUNKT I SURNADAL ?
Aksjon møteplass
MA (Rusfri trafikk og livsstil) arrangerer i juni ”Aksjon Møteplass” over heile landet, deriblant også i Surnadal. Her er aksjonsdagen 9.juni. Tema for aksjonen i 2012 er rusbruk i trafikken, og betre miljø på vegen. Aksjonen er lagt opp som ein dialog med publikum der det blir høve til å gjere seg kjent med informasjons-materiell, fylle ut spørreskjema, og eventuelt kjøpe lodd og teikne medlemsskap.
MA i Surnadal har i år laga ein quiz der deltakarane får testa kunnskapane sine om kommunen og om trafikksikring. Her kan dei m.a. komme med synspunkt på kvar det mest trafikkfarlege punktet er i Surnadal. Kanskje kan det gi nyttige innspel til trafikksikrings-arbeidet i kommunen ?
Aksjonsdagen er retta mot trafikantar i alle aldrar. Det er spesielt viktig å vere merksam på trafikkantgrupper, situasjonar og stader som i særleg grad skaper ulykker. MA har slutta seg til nullvisjonen om ingen drepte og livsvarig skadde i trafikken, og arbeider aktivt for å sikre at ingen skal risikere å møte medtrafikantar som er påvirka av medikament, alkohol og andre rusgifter.