Aktive museumsvenner
Venneforeninga til Rindal Bygdemuseum hadde torsdag kveld årsmøte i den nye museumskaféen. Der vanka det både julegraut og krumkake med moltekrem attåt gode ord.
Ann Elin Hess Bjørnstad leda årsmøtet med Anne Skjølsvold som sekretær. Anne er leiar i museumsstyret.
Museumsstyrar Kari-Elin Bolme Løfaldli orienterte om situasjonen ved muséet og understreka at dette ikkje var noko form for museumsopning. Det nye skimuséet vil ikkje bli opna før i Kultuvøkku 2014.
Foreløpig er det berre det ytre skalet av huset som er ferdig i tillegg til museumskaféen. Arbeidet med innreiing og med sjølve utstillinga vil pågå utover vinteren.
I kaféen merka vi oss stolane som er lakkert i 3 spreke fargar.
Det er Midt-Norge Autolakk som har lakka dei fleste av dei 70 bedehusstolane som museet har fått frå det nedlagte Bolme bedehus. Stolane vart laga på 50-talet av Ottar Børset.
Langbordet som maten vart sett fram på, er eitt av dei mange grendalagsborda, eller bearlagsborda i bygda.
Etter jul er det planar om å ha museumskaféen open og kaffetraktaren på for venneforeningsmedlemmer som vil komme innom og gjere dugnadsarbeid som museumsstyrar Kari-Elin Bolme Løfaldli vil legge tilrette for medlemmene.
Det var også årsmøte i Venneforeninga for Rindal Bygdemuseum. Årsmeldinga viste at aktiviteten hadde vore stor, sjølv om muséet hadde vore ein byggeplass det siste året.
Rekneskapen viste eit fint overskott sjølv etter at mange nyttige innkjøp var gjort.
Venneforeninga har 82 medlemmer og medlemsskapet er gratis.
Alle styremedlemmene som stod på valg vart attvalde, og etter årsmøtet er styret slik samansett:
Leiar: Ann Elin H.Brønstad
Anne Skjølsvold
Ragnhild Stavne Bolme
Vara:
Per Rindalsholt
Dagny Karlstrøm
Ann Grimsmo
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!