Museet Plakat AKTIVITETSDAG_550x380

Aktivitetsdag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Alltid populære «Hjemmelaget» gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. På den årlege «Aktivitetsdagen» skjer det elles litt av kvart. Nytt av året er «flatjekt-verkstedet», der barna får snekre enkle småbåtar med litt vaksenhjelp – og kanskje prøve dei i fjæra etterpå. Småbarnsforeldre er altså oppfordra til å ta med sine håpefulle .

Museet har liggande mange halvferdige skrog med tilbehør (rorhus, mast, trøer og snøre) – alt klart til enkel montering. Og barna får med seg båten sin heim.

Historielaget håpar elles at mange «tek med» hobbyen sin og viser den til andre – gjerne som mini-kurs. Det vere seg husflid og handarbeid, fiskebruk, kulebinding og tauspleis (noko av dette veit vi kjem!) – eller samlingar av ymse slag.

Lokale bøker blir å finne – m.a. dei Bernt Bøe har skrive. Han vil også fortsette opplesninga frå Hyldbakks «Ei haustferd på Nordmøre» - med eit lite kapittel innimellom presentasjonen av dei ymse «stands» i museumssalen.

NB: Det er også høve til å selje eigne produkt denne dagen.

Trekkplasteret er nok likevel «Hjemmelaget». Med sine to trekkspel, gitar, fløyte, keyboard og bass gir dei fleire små konsertavdelingar i løpet av dagen. Leiar Peder Hønsvik lovar variert program – m.a. med latinamerikanske rytmer, som gruppa er spesialistar på.

Musikken og hobbyaktivitetene utgjer altså «Dagens Tema» - som dermed er spreidd utover heile dagen – frå museet opnar kl. 13 og til vi pakkar saman i 5-tida. Og kaffe er det sjølsagt heile vegen.