
Albumblad på museet
Har du gamle foto, så eig du kulturhistorie! seier Bøfjorden Historielag. Søndag kl.15:00 viser museet klenodiar frå lagets samling og ønskjer alle velkomne, gjerne med albumblad og kommentarar.
Ikkje berre bøfjordhistorie, men «nye» gammelbilete av ulikt slag frå heile Nordmøre blir å sjå på lerretet. Til nokre treng laget hjelp frå publikum for å kjenne att motiv og personar. Kor som er, vil det bli ei spennande kulturreise gjennom tider som var – også nær opp til våre dagar.
Historielaget har planer om å gi ut eit hefte med foto og historie før jul og er interessert i stoff til dette.
Nedafor ser du nokre døme!
Har du namn på nokre av personane på bilda, så send ein epost til redaktor@trollheimsporten.no, så legg vi dei til bilda.
Klikk på bilda for å sjå dei større og som bildeserie!