
Åshild Ulstrup kjem til Surnadal
”Alder- ingen diagnose !”
Den vitale pensjonisten Åshild Ulstrup kjem til Surnadal 23.november. Det skjer i regi av Senioruniversitetet for Indre Nordmøre, og med Folkeuniversitetet som positiv bakspelar. På Kulturhuset skal ho ha innlegg under tittelen ”Alder – ingen diagnose. Når åra er der, men berre dei andre blir gamle!”
Åshild Ulstrup, opphaveleg frå Sunnhordland og fødd i 1934, har mange tilhengarar i vårt fylke. Også førre året var ho på turne her – og no startar ho i Surnadal og held fram sørover til Sunnmøre. Mange hugsar henne som ein spennande journalist i NRK i mange år, med program som ”Sånn er livet” og ”Middagsstunden”. Bøker har ho og gitt ut, m.a. om alder og kjærleik. Mykje inspirasjonen hentar ho frå litteraturen - og ho er opptatt av det ho har kalla ”livets gåte” – korleis vi lever liva våre, og korleis menn og kvinner og unge og eldre påverkar kvarandre.