surnadal bibliotek_550x367

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko

Vêret må nok ta noko av skulda for at biblioteket i Surnadal har hatt ein uvanleg god julimånad, seier Surnadal Folkebibliotek. Det er registrert 1920 utlån (medr. omlån) av bøker, filmar o.l. i juli i år. 

Arkivbilete.

Det er omtrent 30 prosent meir utlån enn kva som er vanleg for juli (ut frå tal for dei siste fem åra). Tek ein også med utlån av e-bøker, hadde biblioteket meir enn 2000 utlån i juli. 

Trollheimsporten konkluderar dermed at det har vore ein kulturell månad for mange surnadalingar!