fskapS Geir Mons Ing_1024x446

Budsjett 2011 og økonomiplan 2011-2014 i formannskapet

Alle Jens-pengane vart fordelt

I Surnadal formannskap i ettermiddag vart det mest debatt om den såkalla "eldremilliarden" frå Regjeringa. Økonomisjef Trond Håskjold gjorde det klinkande klart at kommunen kan bruke desse pengane (1,4 millionar kroner for Surnadal sin del) slik dei vil. - Det er frie midlar, sa han. Formannskapet vedtok å legge dei inn i disposisjonsfondet og ordførar Mons Otnes (Ap) fekk med seg alle i fordelinga av dei - det vart mest til eldre:

Rådmann Geir Vikan og økonomisjef Trond Håskjold orienterte og gjekk gjennom saksframlegget. Heile dette finn du her. Til høgre rådmann Geir Vikan, ordførar Mons Otnes og settevaraordførar Ingebrigt Moen.

Svært god situasjon
Rådmannen nemnte kirkeleg fellesråd, sentrumsplan (brukar 1,5 millionar i 2011), gjentok tilskottet til Surnadal Alpineiendom og Studiesenteret, som no kjem inn i kommunale lokaler og krisesenter (457 000 kroner lagt inn).

- Vi forutset ein rentebelastning på 5 prosent. Dette synes eg er viktig. Det er en spesiell måte å budsjettere på. Det er en god kontroll, samtidig som det er viktig å vera klar over at vi gjer det slik, sa Geir Vikan.

Han nemnte vidare meirverdiavgiftsrefusjonen (som ikkje blir bruka i Surnadal), redusert åpningstid ved svømmehallen, kommunale vegar og politisk styring, der administrasjonen har mykje mindre mulighet til å flytte pengar utan å kome attende til kommunestyret med det. Til slutt nemnte han kirkeleg fellesråd, der det har vore vanskeleg å få fram kva dei treng, til kva dei treng det og kva det kostar. Vikan kunne ha tenkt seg å få ei finansieringsplan frå kirkeleg fellesråd. Han understreka vidare at både budsjett og økonomiplan er endra sidan saka var til høyring i kommunestyret sist.

Økonomisjef Trond Håskjold viste til pengeflyttinga i budsjettet (sjå punktene i saksframlegget).

- Det er svært godt at vi er i ein situasjon der vi ikkje skal ta ned fleire millionar, sa ordførar Mons Otnes (Ap), som håpa å få med seg formannskapet på å sette av ekstrapengane (1,4 millionar) frå Regjeringa, den såkalla "eldremilliarden", til disposisjonsfond. Otnes ville ikkje redusere verken på svømmehall eller kommunale vegar, no når eigedomsskatt er innført i heile kommunen.

Honnør til rådmannen og hans stab
- Det er ikkje rett å bruke desse ekstra 1,4 millionar kroner for å betale gammel gjeld, sjøl om vi får eit underskott innafor pleie- og omsorg i år, sa Ingebrigt Moen (Sp) og var enig med ordføraren i avsettinga til disposisjonsfond. - Slik som dette veit eg ikkje om vi har hatt det før, sa han og foreslo å kutte ut utredning av å redusere åpningstider ved svømmehallen og kommunale vegar. Ingebrigt Moen retta honnør og skryt til rådmannen og hans stab. Han kunne ikkje hugse å ha vore med på noko liknande i dei over 20 åra han har vore med.

Gunnhild Bøklepp Bøe (Sp) foreslo å ta inn igjen 150 000 kroner til kirkeleg fellesråd, for å halde alle kirkene åpne i Surnadal. Ellers sa ho seg heilt einig med Ingebrigt Moen.

- Vi må passe på at ekstramillionen vi har fått blir bruka til eldreomsorg, sa Palmer Vikan (KrF). - Det er bekvemmeleg å ta ut utredning av svømmehall og vegar. Men er det rett? spurte han og tykte det var rett å ta inn 150 000 kroner til kirkeleg fellesråd no. - Vi kan plage oss sjøl, men vi skal ikkje plage innbyggarane, repliserte Gunnhild Bøklepp Bøe (Sp) og viste til svømmehall og vegar.

Lilly Gunn Nyheim (Ap) såg fram til å sleppe dei utsendte lefsene med papir og rekna med det vart pcar til neste budsjettbehandling. Ho støtta bruken av dei ekstra 1,4 millionar kronene - avsetting til disposisjonsfond.

Formannskapet samla seg
Stig Sæther (H)
var innstilt på å bruke Jens-pengane i dag. - Det er ein del av einingane i dag som får for lite - ungdomsskulen og institusjonane, sa han og ville ta inn dette i budsjettet og bruke av fondet til dette og foreslo ein million til ungdomsskulen og resten fordelt. - Vidare er eg skeptisk til å starte å drive Studiesenter. Vi har meir enn nok å drive med lell. Det er ingen primæroppgave for oss å drive. Eg seier ikkje at Profero skal drive det, men dei kan få vera med i konkurransen, sa han.

- Eit lite hjertebarn for meg er Kulturskulen for Indre Nordmøre, som er redusert med 100 000. Det vil medføre ein reduksjon i drifta for dei - det går ut over løn og aktivitet, sa han og foreslo å ta inn att 100 000 kroner her. - Det er i 2011 vi skal bruke desse ekstra pengane, sa Lilly Gunn Nyheim og meinte alle i formannskapet var einige i dette, sjøl om ikkje alle har sagt kva dei skal gå til eller fordelinga. - Eg vil seie kva desse pengane skal gå til i tillegg, la Sæther til.

- Budsjettet for ungdomsskulen er alt styrka med 1 million i vårt framlegg, oppklara rådmann Geir Vikan og viste til fleire muligheter når det gjeld Studiesenteret.

Lilli Husby (Ap) retta skryt til dokumentet frå rådmannen. - Lettlest og godt framstilt, sa ho og sa seg einig med Stig Sæther når det gjeld kulturskulen. Ho ville bruke ein ørliten sum til eldrerådet i kommunen i tillegg, på lik linje med ungdomsrådet, som får 30 000 kroner.

- Eit godt signal!
- Vi er einige om kva vi skal prioritere. Derfor foreslår eg å bruke desse 1,4 millionane vi har fått ekstra slik, sa ordførar Mons Otnes: 400 000 kroner til ungdomsskule, 400 000 kroner til institusjonane, 400 000 kroner til habilitering, 150 000 til kirkeleg fellesråd, Kulturskulen for Indre Nordmøre 100 000 og eldrerådet 30 000 kroner. Dette blir 1,48 millionar kroner frå Jens-kronene til bruk frå fond.

- Eit godt signal, slo Stig Sæther (H) fast og formannskapet sa seg einig i at det vart gjort vedtak på dette.

Formannskapet vedtok einstemmig å ta ut utredningar om svømmehall og vegar. Samtidig vart det einstemmig vedtatt å bruke Jens-pengane slik ordførar Mons Otnes foreslo det. Ellers vart vedtaket om budsjettet for 2011 og økonomiplan for 2011-2014 slik rådmannen hadde foreslått i sitt saksframlegg.

Under heile formannskapet i Surnadal med frå venstre og rundt bordet: Palmer Vikan (KrF), Stig Sæther (H), rådmann Geir Vikan, ordførar Mons Otnes (Ap), settevaraordførar Ingebrigt Moen (Sp), Lilly Gunn Nyheim (Ap), Lilli Husby (Ap) og Gunnhild Bøklepp Bøe (Sp).