01 Ljos over grav_700x465

Allehelgensdag

Sokneprest Lene Gåsvatn har sendt oss preika som ho heldt i Rindal kyrkje i dag på Allehelgensdag. Du finn den nedafor her:

 

 

Rindal kyrkje Allehelgensdag 07.11.10.


 

De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis kan ein då gjera det salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.

 

De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.


 

Såleis skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!


 

Har Jesus greie på kva han talar om her? Har Jesus greie på kjemi og fysikk, eller har han det ikkje??


 

Kva kjemi angår, er det underleg kva Jesus seier. Han seier noko om at salt kan miste krafta si – og me spør: Kva så? Har nokon av dykk erfaring med salt som mister kraft? Korleis ser i så tilfelle udugeleg salt ut?


 

Når det gjeld lys og fysikk, har i alle fall ikkje eg evner til å sjå nokon logisk brist i det Jesus seier her. Han talar om å setja lampa i ein haldar så den kan fungere etter hensikta. Oljelampe under eit kar er då berre sløsing. Dessutan er det noko som heiter for brannfare.


 

Så pratar Jesus om sitt, om salt og om lys. Eller talar han om oss, talar han til oss?


 

De er saltet på jorda! seier Jesus. De er lyset i verda!


 

Talar Jesus om oss eller talar han til oss? Blir me omtalt eller tiltalt av det Jesus seier her?


 

Dei som er døde, blir omtalt. Nokon gjer det til og med med slik respekt at det mesta går på helsa laus –

for nokon kan det vera eit stort tabu å tale sant om den som er død om det fell vanskeleg å tale vel om vedkommande.


 

Og for all del: Me vil jo helst tale vel om alle, - kan hende meir om dei som er døde enn om levande. Me vil helst hugse det som var godt, det som gjer saknet stort og sorga tung. Me er slik, me menneske, at me helst vil at alt skal bli bra, om det ikkje var bra.


 

Så blir sorga dobbel: Me syrgjer og saknar den som døydde ifrå oss. Og me må kvar for oss finne veg til forsoning gjennom det smerterommet som kan vera i oss etter mor som var kritisk, far som slo, naboen som krenka grenser eller onkelen som ikkje kjente til grenser i det heile teke. Eller for den saks skuld: Forsone oss med at samlivet me hadde med ektefellen vår hadde sitt både av gode og vonde dagar.


 

Kva eg vil med dette? Eg vil tale sant om både levande og døde. Like lite som alle som no befinn seg over bakken er fullkomne i all sin livsførsel, er dei som befinn seg under bakken perfekte. Der står me likt, det er litt av kvart i oss alle.


 

Kven er det då me feirer i dag? Er det ei boble av eit oppdikta luftslott om godt ettermele og idyllisk harmoni så langt auge og tanke rekk?


 

Nei, i dag feirar me alle helgenar. Alle kvinner og menn som – etter eit rikt liv i teneste for Gud og nesten – vart betegna som helgen. Som helilage menneske. Så anar det oss at spennet mellom Olav den hellige og Moder Teresa er ganske langt, - at mangfaldet mellom alle helgenkåra er ganske så omfattande.


 

”Ho er ingen helgen”, seier me av og til om den som har stelt seg slik at me har eitkvart på vedkommande. Blant alle mulige, ser eg det ganske sansynleg at eg er verdig den slags omtale sjølv. Så sanneleg: Nokon helgen er eg ikkje.


 

Men skal eg bli helgen? Det vil eg inderleg håpe. Og eg trur det. For eg trur at Jesus har greie på kva han snakkar til oss om slik det er sitert i Matteus fem: De er saltet i verda. De er ljoset i verda.


 

Høyrer de det, me blir ikkje omtalt men me blir tiltalt: De er saltet i verda. De er ljoset i verda.


 

Og like usansynleg som at salt skal kunne bli til noko anna enn salt, er det at Jesu ande som me fekk i vår dåp skal kunne bli til noko anna enn kva Jesu ande er: Heilag. Udødeleg. Ukrenkeleg sann og evig.


 

Kor sansynleg er det då at lyset me har fått av han som kom og kjem for å vera lys gjer oss til lys? I den grad eg har noko å skrifte, må eg nok koma med meir av forsømmelsar enn av såkalla mørkets gjerningar.


 

Eg føler meg ramma i mine inste krokar når Jesus seier til meg at såleis skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

For kva lys har vel eg til å lysa for folk med? Kva gjer vel eg av gode gjerningar som Far vår i himmelen kunne få ære av?


 

Men så var det noko med å ikkje berre sjå sin eigen begrensning, men òg kva muligheiter me har – det er lett nok å gjera Olav H. Hauge sine tankar til våre eigne:


 

Eg tenkjer på det store eg ikkje maktar.

Og gløymer å gjera det vesle eg formår.


 

Så kan me òg kanskje tenkja litt på det store Jesus maktar gjennom livet sitt og døden sin til vår frelse og vår framtid i lag med alle dei heilage i hans rike. Det var nok med oss som med helgenane som har levd før oss: Det å gjera oss heilage, får vera ein kompetanse som ligg der den høyrer heime: Hjå han som døydde og stod opp for å gjera oss forsona med livet, med håpet og med himmelen.