Allsong (1)

Allsongfest i Bøfjorden

Bortimot 200 møtte fram til «Allsong på Nordstrand» i Bøfjorden laurdag. Med vakkert ver over blankstill fjord og eit dyktig ensemble på scena vart det ein flott familiekveld for små og store.

Alltid sprudlande Gøran Bolme leia programmet. Tusenkunstnaren Bodil Kvam Aasbø på keyboard og munnspel (delvis samtidig!), trioen Tanja Heggem, Gjertrud Heggem og Bjørn Kåre Stjern som forsongarar (med soloinnslag),Tore Settemsdal (gitar), Lars Settemsdal (bass) og Anders Gjerstad Lindvåg (trommer) utgjorde resten av eit velfungerande ensemble.

Allsong (2).JPG
Bodil Kvam Aasbø (frå venstre), Tanja Heggem, Bjørn Kåre Stjern, Gjertrud Heggem, Anders Lindvåg, Tore Settemsdal og Lars Settemsdal førte an i det musikalske.

Allsong var vesentleg del av programmet, og folk fekk synge med på «Sommartider», «Those were the days», «Danse mi vise», «Liten fuggel» og mange til. Forsongarane var solistar innimellom – på låter som «Slipping through my fingers» og «Har du fyr».

15-åringane Brit Heggem og Kristin Bøklep hadde fine danseinnslag på scena, m.a. med «E slåttatæja» i ei uvant utforming.

«Bondebarna» Mathilde, Fredrik, Håkon, Jakob, Hanna, Vegard, Ingrid og Harald song friskt og optimistisk om framtida for primærnæringane. Barn deltok også i «Kamilla og tyven».

Åsskard Bygdekvinneleg sørga for mat og drikke nede i naustet.

Eit flott tiltak - både for allsongen si framtid og for verdien av sosialt fellesskap. Den vakre bygda skapte ideell ramme rundt eit meiningsfylt samver!

Tekst og foto: Bernt Bøe

Allsong (7).JPG
Kapellmeister Bodil Kvam Aasbø og programleiar Gøran Bolme (også songsolist i Gravvold-visa om «Fru Bø») var dyktige forgrunnsfigurar.​

 

 

Allsong (9)
Også den bøfjordske svanefamilien let seg lokke av tonane, kom opp til naustet og vart med på songkvelden!
Allsong (4)
Forsamlinga fekk syngje med i viser og populære låter.
Allsong (5)
«E slåttatæja» - utforma med dans av Brit Heggem og Kristin Bøklep.
Allsong (6)
Sterkt songinnslag med «Bondebarna» som agiterte for berekraftig framtid i bygde-Norge.
Allsong (8)
Åsskard Bygdekvinnelag sørga for mat og drikke. Her serverer Ragnhild Skrøvset, Nora Vetleseter Bøe og Inger Lise Heggem.