Alltid - allveg.
Øvre Rindal kapell 23.10.11 – Salme 83,23-28.
Alltid. All tid. Heile tida. Allveg.
Det positive med slike ord, er tryggheita. Det blir alltid slik det alltid har vore. For den som treng tryggheit og stabilitet, er det herleg at det blir slik som det er og at det er slik som det var. Dermed held me ved like venskap og fiendskap, tru og skepsis, grenser og revir.
Det negative med slike ord, er fråværet av noko nytt. Kva har me å strekke oss etter når alt blir slik som det er? Kva utviklingspotensiale er det i at alt skal vera som det var? Eller sett litt på spissen: Korleis hadde Rindal vore utan oss som har flytta hit?
Dessutan veit me nok om livet til å måtte erkjenne at det går over. Det er grenser for kor lang vår tur måtte kunne bli her på jorda.
Og så skal me – tross våren og sumaren 2011 som er i ferd med å gå ut på dato, tross eige liv som går same vegen, stoppe opp og høyre noko godt om dette som er for alltid. Då står me og høyrer frå Salme 73:
Men
eg blir alltid verande hos deg,
du har gripe mi høgre hand.
Du
leier meg med ditt råd,
og sidan tek du imot meg i
herlegdom.
Kven har eg elles i himmelen?
Når eg er hos
deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
Om kropp og hjarte
forgår,
er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.
Dei
som held seg borte frå deg, går til grunne,
du gjer ende på
alle som er utrue mot deg.
Men for meg er det godt å vera nær
Gud.
Eg har teke mi tilflukt til Herren GUD.
Eg vil fortelja om
alle dine gjerningar.
Det er som eit vitnesbyrd å rekne. Han som har skrive salmen, har erfart noko som han fortel vidare om. Utan blygsel eller sjenanse fortel han om Guds gode gjerningar.
Kor gode Guds gjerningar er? Eg skal tru dei held mål og meir enn det. Slik er det for han som har erfart det – og eg siterer:
Men for meg er det godt å vera nær Gud.
For meg er det godt.
Fordi eg ser at det er godt med denne min Far som er konstant. Han er som han var og han blir som han er. Gud går aldri ut på dato. Gud svaiar ikkje i takt med folkemeining og politisk korrektheit. Gud er der – alltid. Gud er der – alltid for oss.
Alltid og alltid. Optimistisk nok har Jon og eg fått gravert inn uttrykket allveg i gifteringane våre. Allveg likaste Jon står det i min, og det teller så visst ikkje mindre i dag enn det gjorde nyttårsaftan i -99. Og slik blir det nok – enn så lenge. Ekteskapsløftet om døden som skal skilja oss, er som ei tryggheit livet ut. Men me skal ikkje alltid ha kvarandre, me heller.
Gud er slik laga, at han alltid vil vera i lag med oss. Han fylgjer oss i glede og sorg. Gud kan ikkje lata vera å ta vare på oss og hjelpe oss gjennom kneikane me måtte møte.
Korleis er så me laga? Er me laga slik at me vil ta til oss av den velsignelse Gud byr oss?
Det er visst fritt fram å slutte seg til vitnesbyrdet frå han som skreiv Salme 73. Aldri er det for seint for oss å erkjenne det:
Eg blir alltid verande hos deg, du har gripe mi høgre hand. For meg er det godt å vera nær Gud.
Heller kan det aldri bli for tidleg å erkjenne dette gode, solide og trygge alltid som Gud møter oss med når kjærleiken hans til oss er tema. Så blir det for Elida som det er for oss alle – uansett om me trør ned kyrkjedørane eller ikkje:
Det er godt for oss å vera nær Gud. Det er godt for oss at han grip etter oss og allveg held oss fast i si godheit.
Så kan det bli for oss alle å ta utfordringa i dette å gje seg over til Guds godheit og vita at det er godt å halde seg nær til vår himmelske Far.
Dinest kunne det altids vore interessant å lært seg meir av innstillinga som går på at når me har Gud alltid som ein trygg størrelse i liv og død, så ynskjer me ikkje noko meir på jorda. Enn det - .
Ære til Gud vår Far, til Jesus vår Frelsar og Den Heilage Ande som syner oss kva som er viktig.
Kunngjøringer:
Dåpsbarn Elida Mogset.
Neste gudstjeneste på kapellet: Søndag 13.nov. kl.11.
Neste gudstjeneste: Søndag 30.okt kl.11 i Rindal krk.
Konsert i Rindal kirke søndag 30.okt kl.16.00 m/Ole Paus.
Velkommen til kirkekaffe etter gudstjenesten.
Dåpsbarnet Elida Mogset med følge
1.lesning, 1.Kor.1, 4-9:
4 Jeg takker alltid min Gud for dere, for den nåde han har åpenbare seg. 8 Han skal også grunnfeste dere helt til enden kommer, så dere kan stå uten å bli anklaget på vår Herre Jesu Kristi dag. 9 Gud er trofast, han som har kalt dere til fellesskap med sin Sønn, Jesus Kristus, vår Herre.
2.lesning, Mark.12,28-34:
28
En
av de skriftlærde, som hadde hørt på dette ordskiftet og lagt
merke til hvor godt Jesus svarte, gikk bort til ham og spurte:
«Hvilket bud er det første av alle?»29
Jesus
svarte: «Det første budet er dette: ‘
Hør, Israel! Herren vår Gud, Herren er én.30
Du
skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og
av hele ditt sinn og av all din kraft.’
31 Det andre er dette: ‘ Du skal elske din neste som deg selv.’ Ikke noe annet bud er større enn disse.»
32 Den skriftlærde sa til ham: «Du svarer godt, mester! Det er sant som du sier: Herren er én, og det er ikke noen annen enn han.33 Å elske ham av hele sitt hjerte og av all sin forstand og av all sin kraft og å elske sin neste som seg selv, det er mer verdt enn alle brennoffer og andre offer.»
34
Da
Jesus hørte hvor klokt han svarte, sa han til den skriftlærde: «Du
er ikke langt borte fra Guds rike.» Og ingen våget å spørre ham
mer.