Laksefestivalen - hovedkomite_320x213

Alt i rute for tidenes Laksefestival!

To veker til festivalstart: Magnar Holten og resten av hovudkomiteen for Norsk Laksefestival 2010 gler seg til eit spennande og variert jubileumsprogram under årets festival i Surnadal. – Vi håpar heile familien vil kose seg ute saman denne sommarhelga!

 

Tiårsjubileum
I dag er det akkurat to veker til eit av Surnadals store høgdepunkt brakar laus: Frå torsdag 24. juni til og med søndag 27. juni kan ein oppleve fire innhaldsrike dagar under Norsk Laksefestival 2010. Og i år er det tiårsjubileum!
 
- Vi er veldig fornøgde med årets jubileumsprogram som er ekstra breitt og variert. Det seier markedsføringsansvarleg Magnar Holten, i midten på biletet saman med resten av hovudkomiteen: Lorentz Sæter (t.v.), Ragna Marie Mauset, Karstein Telstad, Ragnar Halle, Trygve Roaldset og Mari Vattøy Solli. 
 
Holten gler seg blant anna til heile tre kveldar med utekonsertar, kor sjølvaste Åge Aleksandersen (bilete nr. 2) kjem og lagar full trøkk saman med Sambandet fredagskvelden. Oppvarminga skal surnadalsbandet M.A.G. ta seg av.
 
- Vi har prøvd å finne ein god balanse mellom lokale og nasjonale artistar i år, seier Holten, som håpar publikum finn noko som passar sin smak. Danseband-kongane Ole Ivars, pop-yndling Tone Damli Aaberge (bilete nr. 3) og kvitevare-rockarane Hurra Torpedo med Kristoffer Schau i spissen tek også turen for å skape liv og røre under årets festival.
 
 
Fagleg fokus 
I tillegg til god underhaldning blir det i år lagt spesiell vekt på engasjement rundt kultivering av fiskeelva Surna. Under årets fiskekonkurranse blir det blant anna lagt inn markeforbod, som er eit tiltak elveeigarane har gjort for å redde villaksen.
 
– Surnakvelden som bli arrangert i år fokuserer nettopp på dette, og vi håpar at både surnadalingar og andre engasjerte kjem for å møte eit dyktig fagpanel som kan svare på spørsmål angåande elva og lokalsamfunnet.     
 
 
Folkeliv og jackpot
I fjor var det ingen som greidde å fange ein laks på over 5 kilo under fiskekonkurransen. I år er derfor premiepotten dobla med ein jackpot på heile 60.000 kroner!
 
– Dette håpar vi vil trekkje mange fiskeentusiastar, seier Holten. I tillegg til andeløp og andre konkurransar, håpar han også at årets rekordstore martnadsgate vil trekkje mange besøkjande. – I år kjem ekstra mange utstillarar, og det vil også bli moglegheit for fotballglade til å møtast for å sjå fotball-VM saman på storskjermar i festivalområdet. Ingen grunn til å sitje heime åleine!
 
 
Action for dei unge
For dei yngre er det også mange spennande opplevingar under årets festival. Tivoli, AMFI Idol, fiskekveld på Glønavatnet, Energikamp, Paintball… Les heile programmet og hald deg oppdatert gjennom Norsk Laksefestival si heimeside her!
 
 
Trollheimsporten gler seg og blir også å finne i årets martnadsgate!
 
 
 

 

 

 

 

 

 

Klar for andeløp: Øyvind Holte sørger for spenning under andeløpet søndag 27. juni.