varsoghelga logo

Alt klart for Vårsøghelga 2012

Hegg som blomar, humla som surrar eller softis i solveggen. Vårteikna er så varierte og ulike for person til person, men for mange blir det ikkje skikkeleg vårsøg utan ei god dose vakker og variert kultur på Vårsøghelga i Surnadal. I år blir vårsøget truleg ekstra kraftfullt, gjennom den store festkonserten for Henning Sommerro, der gruppa Vårsøg òg vil stå på ei scene igjen for første gong på 32 år!

Men før festkvelden for Henning rundar av Vårsøghelga i Surnadal idrettshall pinsedagskvelden, kan kulturfestivalen by på eit variert, spennande og tettpakka program,  som i tråd med ein 15 år lang og god tradisjon femnar breitt. Temaet for årets Vårsøghelg er «På vandringsveg», inspirert av Hans Hyldbakk sjølv; bygdadiktaren er truleg er ein av dei som vandra mest på våre trakter. I vårsøghelg-programmet gir temaet seg utslag i m.a. vandrekonsert på gammelfabrikken i Todalen, vandring gjennom historia på Øverlandet, og vandring i Henning Sommerro sitt musikalske univers.

Vårsøghelga startar allereie torsdag 24. mai, med utstilling av Håkon Gullvåg sin kunst. Trønderen Gullvåg har opparbeidd seg ein sentral plass innan norsk og internasjonal kunst, og er kjend for både å imponere og provosere.
Opningsframsyninga same dag er "jeg- du, oss - dem, innenfor - utenfor", ei danseframsyning koreografert av Kirsten Roll Steen, med musikk av Henning Sommerro og Jon Pål Inderberg og med Teater nonSTOP frå Namsos. NonSTOP er eit profesjonelt ensemble, der dei fleste medlemmane har ei utviklingshemming og som på flott vårsøghelgvis utfordrar konvensjonane våre.

Fredagen opnar med teaterkonserten om Magnhild Almhjell for unge og eldre på bygdemuseet, og om kvelden er det sjølvsagt Kleivakveld. Arrangementet på Hans Hyldbakks sin heimstad er sjølve juvelen i Vårsøghelga, og i år kan det m.a. by på hovudartisten Rita Eriksen, som kjem til den spesielle utescena med trioen sin og det nokon kallar «Norges vakraste visestemme». Rita har i karrieren sin klart kunsttykket å bidra til tre platinatrofeer på eitt år, og mange kjenner henne kanskje aller best frå Vamp-klassikaren «Tir n’a Noir». Elles vil Kleivakvelden innehalde både dei faste programpostane samt overraskingane som gjer dette til kanskje den mest særeigne og vakre kulturkvelden på Nordmøre. Kleivakvelden får si naturlege fortsetting på den enda meir lausslupne pubkvelden på Vårsøg hotell, der vi òg får høyre meir frå fleire av artistane frå Kleiva, medan Transistor er husband.
Laurdag kjem høgdepunkta tett som hagl, på ulike areanaer rundt om i kommunen. For dei minste er det teater med Cirka Teater på Øye skule, medan dei litt eldre kan gle seg til Rocksøg der kritikarroste Pelbo får support av Batteri og lokale kulturskuleband på Vårsøg hotell. Dei som likar det litt rolegare kan bokbade med Bragenominerte Mette Karlsvik og Svein Sæter på kulturhuset. Bygdas femteklassingar og Batteri fyller storstua med sitt allsongkonsert Give Me 5, før det er klart for gjenhør med Perikom og artistar frå «Stemmer frå Surnadal» i Sagatun.

Vårsøghelga gler seg òg til å presentere nye og spennande konsertstader laurdag ettermiddag og kveld. Først får Talgø sin gammelfabrikk i Todalen sin debut under ein nyskapt og nyskapande vandrekonsert om ettermiddagen, der mellom anna Pelbo, trioen Shavian, Hanne Kjersti Yndestad og Ingebjørg Loe Bjørnstad deltek. Seinare vil Hot Club de Norvège by inn til ein brennheit kveld med string-swing i den nedlagte brannstasjonenen på Surnadalsøra, der Hammerstuene står for brannslukkinga.

Det blir ikkje Vårsøghelg utan kyrkjekonsert i Stangvik kyrkje på pinsedagen. I år blir ramma orgel- og gitarmusikk med improvisatoriske jazzelement av Tomas Torstrup og Martin Høgberg, der Hildegunn Eggen bidreg med tekster av m.a. Henrik Ibsen og Kristoffer Uppdal.

På ettermiddagen blir det kammeroperaen «La Serva Padrona» på Øverlandet, etter at drivaren på garden vil dele ein del historier om nokre av dei markante personane som har budd på fødestaden til Ole Andreas Lindeman.
Medan det på Øverlandet berre er plass til vel 60 personar, så er det venta opp imot tusen personar til idrettshallen og jubileumskonserten «Henning – så langt!» søndag kveld. Billettsalet går allereie strykande og mange vil vere det når bygdas store musikalske son skal heidrast. Det blir trongt på scena òg; samarbeidspartnerar frå Henning si lange og varierte karriere står i kø for å vere med på hyllesten. SKRUK har tilpassa turneen sin til denne konserten, og elles er Hans Rotmo, Trond Halstein Moe og Edvard Hoem berre nokre i ei lang rekkje med kjende artistar programleiar Oddgeir Bruaset og kappelmeister Trygve Brøske kan by på.  Før altså Henning sjølv entrar scena når han, Knut Blekken og Johnny Gausemel gir Vårsøg si historiske gjenforening.

Les meir om arrangementa på www.varsoghelga.no