Picasa

Frå gudstenesta på i Rindal menighetshus 17. mai

Alt som er vårt

Gje keisaren det keisaren skal ha og gje Gud det Gud skal ha”. Så enkelt svarar Jesus dei som vil setja han på prøve. Og me kan undrast: Korleis ville samfunnet vore om ingen bedreiv snusk som kostar oss 130 milliardar årleg? Eller kva kunne skje om me gav Gud det Gud skal ha?

Sokneprest Lene Gåsvatn hadde gudstenesta og Elsa Jensvold var klokkar. Nedafor les du dagens preike:

IMGP9872 17.mai bedehuset Lene Gåsvatn_690x472.jpgIMGP9873 17.mai Elsa Jensvold_690x457.jpg

 

 

Preike 17.05.15.

Si oss da hva du mener: Er det tillatt å betale skatt til keiseren eller ikke?» Men Jesus merket ondskapen deres og sa: «Dere hyklere, hvorfor setter dere meg på prøve? Vis meg mynten som skatten betales med!» De rakte ham en denar, og han spurte: «Hvem har bildet og navnet sitt her?» «Keiseren», svarte de. Da sa han til dem: «Så gi keiseren det som tilhører keiseren, og Gud det som tilhører Gud.» De ble forundret over dette svaret, og de forlot ham og gikk sin vei. Matt 22,17-22.

Kjenner eg folk – og dermed meg sjølv – rett, så er det nok ingen som spør seg om det er tillate å yte med den skatten me er pålagt. Det er vel heller motsatt så me spør oss sjølve og gjerne einkvan eksperten med, om korleis me skal få skatteprosenten nedover.

Dei som vender seg til Jesus i skattespørsmål, kan tilsynelatande sjå ut til å stå midt i eit etisk dilemma: Er det lov? Korleis skal me stelle oss i skattespørsmål? Og spørsmåla er knakande gode. Skal Jesus svare ja eller skal Jesus svare nei? Gale blir det uansett. Veit dei som hykler, dei Jesus kallar for onde, dei som vil setja fast Jesus i oppkonstruerte tankespinn.


Og så kjem dette geniale: Gje keisaren det keisaren skal ha og gje Gud det Gud skal ha. Når utfordringa blir slik, er det nok best berre å pakke sakene sine og koma seg unna så fort som råd er. For forpliktelsen vart så mykje større enn forventa:

Gje skatt til keisaren og gje det som høyrer Gud til til Gud.

Korleis skulle dei klare det? Nei, det var best å gå sin veg. Korleis skal me klare det?

Me kan byrja med å yte den skatten me er pålagt å koma med. Det ein kallar for Tallenes tale kjem tydeleg nok fram når me set ihop ord som skatt, bedrageri, årlig og milliarder.

Økokrim reknar med at vårt samla skattebedrageri ligg på 130 milliardar årleg.

Det skulle vore interessant å vita kor mange landbruksoppgjer som får plass i 130 milliardar, kor mange helsetenestar det kunne vore plass til, kor mange gode skular det kunne vore plass til, kor mange flyktningar frå Syria og andre stader me kunne teke imot – kor bra det hadde vore om alle gjorde som Jesus oppfordrar til: Ta på deg ditt moralske ansvar og betal skatten din uansett om du er samd i skattepolitikken eller ikkje. Og gje Gud det som høyrer Gud til.

Gjer me Gud det som høyrer Gud til, er eg ganske sikker på at 130 milliardar blir for småpengar å rekne. Gud treng ikkje pengane våre meir enn keisaren, men han treng oss: At me stiller oss mottakelege for Guds velsignelse. At me verkar som Guds armar her i verda. At me ser ansvaret vårt som kristne, som vitne, som lys og salt i verda. At me forvaltar evangeliet om Jesus på ein slik måte at det blir til nytte både for oss sjølve og andre.

Det er ikkje noko som blir av seg sjølv. Eg kan altids seia så både før og etter det som kan forekoma av helgevask og rydding. Ei heller kom eit fritt land til oss aldeles av seg sjølv. Me må gjerne gjera som Bjørnstjerne Bjørnsom oppfordrar oss til og takke vår store Gud for alt me har fått, - uavhengig av om me bur i hus eller hytte – og ville eg gjerne leggja til for eiga rekning: Uansett om me er kar eller kvinnfolk.  Og me må gjerne også sende ein takk for alle tidlegare generasjonar for deira innsats.

No er det vår tur. Me skal yte det samfunnet krev av oss. Og har me sett eitkvart av Jesus og frelsa han gjev oss, må me gjerne dele og meddele gleden og freden evangeliet gjev oss.

Gje keisaren det som høyrer keisaren til. Og gje Gud det som høyrer Gud til. Amen.

IMGP9879 17. mai barnekor_690x411.jpg
Ei gruppe frå barnekoret Salt & Pepper deltok med song.

IMGP9866 17.mai bedehuset_690x371.jpg

IMGP9864 17. mai bedehuset_690x380.jpg

Foto: OleT