GEidsli_1024x1046

No blir det bustadtilbod i alle bygder

Ambisiøs bustadsosial handlingsplan i Surnadal

- Det har tatt tid å få fram denne planen. Bakgrunnen er folketallsutviklinga i kommunen og auken i talet på eldre vi ser, sa assisterande rådmann Gunnhild Eidsli (bildet) da ho presenterte den bustadsosiale handlingsplanen i Surnadal kommunestyre i går.

Gunnhild Eidsli har vore med i gruppa som i går la fram den bustadsosiale handlingsplanen for kommunestyret. Odd Asbjørn Bævre (Ap) (til høgre) har vore leiar i denne gruppa og han rosa det svært gode samarbeidet etatane i mellom rundt denne planen. Klikk her og sjå heile saksutgreiinga til kommunestyremøtet i går.

Rosa samarbeidet
- Det er alltid viktig å få til eit godt samarbeid om slike saker, for å få fram ei reel plan, sa han og gav honnør til alle tilsette og interesserte som har vore med.

- Folketallsutviklinga har ein nedadgående trend framover og prognosane er heller ikkje gode. Samtidig har mange unge og einslege problem med buutgiftene og vi har registrert at folk blir buande på institusjonsplassar i kortare tid. Dei fleste vil bu mest muleg heime, så lenge dei kan, Gunnhild Eidsli og la fram eit samandrag av alle tiltaka i planen for mange år fram i tid.

Godt planverk
Ordførar Mons Otnes (Ap)
takka for ein god gjennomgang og eit godt arbeid med planen. - Den viser den økonomiske situasjonen vi er inne i og det langsiktige behovet. Dette er eit godt planverk med økonomiske føringar. No kan vi legge prioriteringane på plass etter dette, sa han.

Johs J. Vaag (Frp) peika på behovet for omsorgsbustader over heile kommunen, som eldrerådet har gjort innspel til planen på. - Det må følgast opp, sa han og alle bygdene må få omsorgsbustader. I tillegg understreka han at dei eldre må få velge sjøl kvar dei skal bu, og viste til suksessen i Todalen.

- Dette er ei god og ambisiøs plan, sa Norvald Bondhus (Ap). Han trudde dette blir ei realistisk satsing. - Men utfordringane kjem med drifta og driftsutgiftene. Det vil få noko å seie når prosjektene skal prioriterast, sa han.

Lika ikkje hospits
Inger Johanne Iversen (SV)
(til venstre) lika planen godt. - Men eg likar ikkje ordet hospits, sa ho og foreslo ei tekstendring, der dette vart fjerna. Det vedtok kommunestyret mot 4 stemmer.

Bernt Venås (Sp) målbar igjen det med desentraliserte bustader og kor viktig det var. - No er det mange bygder i Surnadal som ikkje har bustader å tilby. Slik kan vi ikkje ha det lenger. Det same gjeld vanskelegstilt ungdom. Truleg vil det vera tryggare for dei å bu i heimbygda enn rundt sentrum i Surnadal, sa han.

Kommunestyret vedtok einstemmig planen og da blir det spennande å sjå kvar tomtene og bustadene kjem.

Til høgre: Assisterande rådmann Gunnhild Eidsli la fram bustadsosial handlingsplan.