
Exquisito La Fiesta Latino
Amoremusikarane
Vi fekk ein konsert som varierte frå klassisk kammertrio og Per Helge Førde sin sakrale hylling til Nidarosdomen – Domen – til forrykande cubanske rytmer og søramerikansk tango.
Ein nærmast fullsett sal kosa seg stort i halvannan time. Den kraftige applausen gav også eit ekstranummer. For mange var det også triveleg å høre og å sjå Jo Inge Nes frå Stangvik i dette gode selskapet! Han fekk æra å introdusere dei 15 musikarane som deltok i konserten. Nokre av Møremusikarane held til i Sunndal, andre i Molde og Ålesund, medan Brazz Brthers kjem frå Langevåg med trommeslagaren Kenneth Ekornes frå Sykkylven.
Lysmester og lydmann skal også ha ein del av æra for at dette vart ei varm oppleving for oss.
Etter konserten uttala musikarane til Trollheimsporten at dei var svært godt fornøgde med kveldens publikum. Vidare rosa dei også kulturhuset, og meinte vi hadde all grunn til å vere stolte av både huset og dei som stelte med det!
Last ned bildeserien med ein smak av konserten her. (Musikken er eksempelmusikk.)
Søndag kveld kan du høre og sjå heile konserten frå Parken, Ålesund på NRK nett.
Ikkje berre fargar fylte bakveggen! Her vaier moge korn i vinden til ein Jan Magne Førdekomposisjon bygd over ein folketone frå Vågå.
Møremusikarane er:
Ålesund:
Bjørnar Myhr, piano
Siri-Marie Bergsmark, klarinett
Molde:
Per Kåre Fossum, cello
Asgeir Hoffart, piano
Judit Toth Sylthe, fiolin
Sunndal:
Jo Inge Nes, trommer
Øystein Sandbukt, gitar
Audun Skorgen, bass
Peter Wergeni, saxofon