Anders Larsen og Kleiva-skiltet

Anders Larsen ny dagleg leiar i Laget Vårsøg

Ein ydmyk, glad og motivert Anders Larsen vart fredag presentert som ny dagleg leiar i Laget Vårsøg frå 1. november.

– Vårsøghelga er den viktigaste og beste festivalen på Nordmøre, og kanskje endå større omland og. Det er kjempeinspirerande å skulle vere med på å vidareutvikle den skatten Vårsøg er, seier den påtroppande dagleg leiaren i Laget Vårsøg.

Etter to intervjurundar er det no klart at han tek over stafettpinnen etter Gerd Ingrid Kvendset, som har søkt om- og fått innvilga permisjon i to år.

– Eg har stor respekt for det som er bygd opp, og den jobben som er gjort tidlegare, og gler meg til å ha ein god dialog med Gerd Ingrid i arbeidet med å vidareføre den gode innsatsen hennar, seier Larsen.

Tydeleg engasjert fortel den profesjonelle fiolinisten om korleis Vårsøghelga omtrent har vore ein del av oppveksten hans som musikar, og Larsen tek no, saman med styret, mål av seg om å arrangere tidenes beste Vårsøghelg.

– Nils Arne Eggen brukar å seie at det alltid er den neste kampen som skal bli den beste, og slik må vi tenke og. Målet for oss i Laget Vårsøg må alltid vere å levere den beste Vårsøghelga vi har arrangert.
 

Storfornøgd styre

Styreleiar Tor Rune Halset og styremedlem Anne Lise Wullum sit berre og smilar breitt medan Larsen fortel om ambisjonane han og styret har på vegne av Laget Vårsøg.

– Ja, eg sit berre og smilar. Dette er så bra, eg har gåsehud langt nedover ryggen, seier Halset, og legg til:

– Vi har gleda oss lenge til å presentere Anders, og er glade for at vi var så heldige at namnet hans dukka opp på blokka vår. Tilsettinga av Anders vil gje nye tankar og mulegheiter for både Vårsøghelga og Laget Vårsøg.

Wullum støttar styreleiar Halset fullt ut:

– Då Gerd Ingrid søkte om permisjon var vi jo litt spente, det var jo ikkje sjølvsagt at vi skulle finne nokon som passa til jobben. Og så dukka namnet til Anders opp!

– Ja, vi tente på ideen om å tilsette Anders med ein gong vi fann ut at det kunne vere aktuelt, og var raske med å komme i mål med denne prosessen, seier Halset.

Larsen sjølv fortel at det er litt tilfeldig at han vart aktuell som ny dagleg leiar i Laget Vårsøg.

– Det starta i grunn då eg var på Averøya for å spele konsert saman med Henning Sommerro. Han fortalte at det kunne verte eit vikariat ledig, og gjekk nokre rundar rundt grauten før han ymta frampå at det kanskje kunne vere noko for meg, seier han, og fortsett:

– Då eg kom heim starta eg ein tankeprosess, der konklusjonen vart at dette måtte vere midt i blinken for meg.

690 Anders Larsen og Tor Rune Halset - Handtrykk etter kontraktsignering.jpg
Anders Larsen (t.v.) og Tor Rune Halset tek kvarandre i handa etter at kontrakta som gjer Larsen til ny dagleg leiar i Laget Vårsøg er signert.
 

Vil ha stort spenn

Anders Larsen har allereie gjort seg mange tankar om jobben han no skal i gang med.

– Når ein festival har heldt på i omtrent 25 år, er det lett å ta både sponsorar, frivillige og andre involverte for gitt. Vi må sørge for at det blir slik at når ei Vårsøghelg er ferdig, tek dei involverte til å gle seg til den neste med ein gong, seier han, og legg til:

– Eg kan ikkje skjønne anna enn at det må vere utruleg attraktivt å vere frivillig på denne festivalen, som har så høgt nivå og så stort spenn i innhaldet.

Og nettopp stort spenn er noko både kunstnerisk leiar Henning Sommerro og Anders Larsen er svært opptekne av.

– Ja, under Vårsøghelga skal folk få alt frå sære, absurde opplevingar i form av sjangrar og kunstneriske uttrykk dei kanskje ikkje oppsøker til vanleg – til «Elg» på Surnadal billag. Vi må tørre å utfordre og provosere litt, samtidig som vi tilbyr «feelgood»-opplevingar, så lenge alt vi gjer er av høg kvalitet.

– Det er nok festar i landet der ein hentar inn kva som helst av artistar for å få ei unnskyldning til å drikke seg full, seier Larsen, som understrekar at det må vere rom for å ta seg ein øl under Vårsøghelga og.
 

Tett samarbeid med Sommerro

Sjølv om han no startar i 50 prosent stilling som dagleg leiar i Laget Vårsøg 1. november, har ikkje Larsen tenkt å legge vekk fiolinen. Han har full stilling i Trondheim Symfoniorkester og Trondheimsolistene, og fortel at han har hatt en veldig fin dialog med dei undervegs i tilsettingsprosessen.

– Dei ser på det som veldig positivt at eg får drive på med noko anna, og noko som eg brenn sånn for. Eg trur og det er viktig at ein vår nye impulsar og drive med litt forskjellig i løpet av livet, og veit med meg sjølv at eg har kapasitet til å gjere begge deler, seier Larsen, som med eit smil legg til:

– I tillegg er jo denne jobben ei fin unnskyldning for å vere endå meir her i Surnadal.

Han fortel at dei vil sjå an situasjonen, men at det kan vere aktuelt at han etter kvart, eller i periodar, søker litt permisjon hos Trondheim Symoniorkester og Trondheimsolistene.

I og med at den nye dagleg leiaren bur i Trondheim, vil han naturleg nok ha tett kontakt med kunstnerisk leiar Henning Sommerro, fortel han:

– Ja, eg trur det blir null problem å jobbe med Vårsøghelga frå Trondheim. Eg trur det er ein fordel for Laget Vårsøg å ha ein lokal dagleg leiar, med stort eit nettverk i Trondheim, der og Henning Sommerro bur.

Larsen får støtte av styremedlem Anne Lise Wullum:

– Vi i styret ser det berre som ein fordel, at kunstnarisk leiar og dagleg leiar kan jobbe så tett på kvarandre.

Og det å jobbe endå tettare på Henning Sommerro enn det han allereie har gjort som fiolinist, er noko Larsen gler seg stort til:

– For min del blir det å jobbe mykje og tett med Henning veldig artig, og vi har allereie snakka ein del om Vårsøghelga. Henning er ein nøkkelperson for Vårsøghelga også vidare, og ein fantastisk ambassadør for Surnadal.

– Folk frå heile landet kjenner til Henning, og det er viktig at han skjønnar kor mykje vi set pris på han og festivalen, seier Larsen, som trekkjer fram styret som ei viktig årsak til at han såg på dagleg leiar-stillinga som ein attraktiv jobb.

– Laget Vårsøg har eit aktivt og engasjert styre, som vil pushe meg for at vi saman skal få sett ideane våre ut i livet. Det gler eg meg veldig til.


Ingressfoto: Anders Larsen er ny dagleg leiar i Laget Vårsøg frå 1. november.