Andre varianter av ordet Gau

Eg tek utfordringa om andre variantar av gau:
 
Det var komi ei onnataus åt Grøtå (Grøtan) i Lomundala. Ho var ukjent, i alle fall for somme lomundalingar, og ein som hadde sett ho var begeistra og sa: ”Å jø de me gut, det he komme ei gaufin taus åt Grøtå, ho e neafrå grend’, e frå Romundstadbøgden!”
 
Fint at det framleis er liv i dialektspalta!
 
Med venleg helsing
 
Joralf Halgunset